Opna hovudmenyen

Bernt Korslund

Norsk bonde og politikar

Bernt Korslund (23. november 188911. juli 1974) var ein norsk småbrukar og politikar frå Eidsvoll i Akershus. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i fire valperiodar mellom 1934 og 1957.

Bernt Korslund
Fødd 23. november 1889
Død

11. juli 1974

Korslund arbeidde heime på farsgarden, før han i 1908 byrja arbeide på ymse veg- og jarnbaneanlegg. Han overtok farsgarden i Eidsvoll allereie i 1911, men heldt fram som anleggsarbeidar i åra fram til 1915. Vintrane 1916-21 dreiv han skogsarbeid i tillegg til gardsdrifta, medan han i åra 1922-25 skøytte på gardsinntekta med anleggsarbeid.

I 1928 var Korslund med å stifte Morskogen skog- og landarbeiderforening og varr den fyrste formann i foreininga. Han var formann i Akershus landbruksselskap i perioden 1945-61.

Korlsund var med i formannskapet i Eidsvoll kommune frå 1922 til 1955, varaordførar i kommunen 1937-47. Han var stortingsrepresentant frå Akershus i tida 1934-45, vald for Arbeidarpartiet. Etter å ha vore ute ein valperiode kom han innatt på Stortinget frå varamannsplass i Akershus fylke i valperiodane 1950-53 og 1954-57. I begge periodane møtte han fast, ettersom den valde representanten Halvard Lange var utanriksminister samanhengande 1946-63. Korslund var i begge desse valperiodane, 1950-53 og 1954-57, medlem i Administrasjonskomiteen. Han var elles 1951-57 medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet.

KjelderEndra