Bernt Nissen
Bernt August Nissen (18. juli 1892–17. juni 1970) var ein norsk journalist og historikar, fødd på Årnes, som i fleire tiår var med og prega norsk filmpolitikk.
Bernt Nissen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juli 1892 |
Død | |
Yrke | journalist, biograf |
Språk | norsk |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Nissen var utdanna cand.philol. med ei hovudoppgåve om Morgenbladet og bondeopposisjonen. Frå 1918 var han utanriksmedarbeidar i Verdens Gang til 1922, det siste året som korrespondent i Paris. Etter å ha vore tilsett eitt år i Stavanger Aftenblad, arbeidde han frå 1923 til 1931 i Dagbladet, dei tre siste åra som markant politisk redaktør.
I 1931 tok Nissen over som sjef for Statens Filmkontroll. I den eigenskap var han ein pådrivar for å hjelpe fram norsk filmproduksjon. Då Statens Filmråd vart oppretta vart Nissen utnemnd til leiar av rådet. Både som leiar av filmrådet og i stillinga som filmsensor var han ein viktig talsmann for norsk film. Etter han gjekk av med pensjon i 1962 arbeidde han med Statens Filmarkiv, som han sjølv bygde opp frå 1935. Ved sida av filmsensorarbeidet heldt Nissen i NRK stortingskronikkar i tida 1931-39 og kvar månad åra 1934–40 filmkronikkar. Frå 1945 var han spaltist i Verdens Gang.
Nissen gav ut fleire bøker med tema frå norsk historie. I 1930 kom 1905, der etter kom Venstres historie i 1934 og 1814 i 1945. I presenterte han ein biografi om statsminister Gunnar Knudsen, der han la særleg vekt på Knudsens tilknyting til partiet Venstre. Han skreiv også band 6 og 7 i Vårt folks historie.
I 1963 vart Nissen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.