Berry van Aerle

nederlandsk fotballspelar

Hubertus Aegidius Hermanus van Aerle, kjend som Berry van Aerle, (fødd 8. desember 1962) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar frå Helmond som vart europameister med Nederland i 1988, nøyaktig ein månad etter han med PSV Eindhoven var med å vinne europacupen 1988. Han spelte jamnast høgreback, tidvis vart han nytta i ei defensiv midtbanerolle.

Berry van Aerle
Personleg informasjon
Fullt namn Hubertus Aegidius Hermanus van Aerle
Fødselsdato 8. desember 1962 (61 år)
Fødestad Helmond i Nederland
Høgd 177 cm
Posisjon Høgreback
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1981-1994 PSV 278 (12)
1986-1987Royal Antwerp (lån) 22 (1)
1994-1995 Helmond 15 (1)
Totalt 315 (14)
Landslag
1987-1992 Nederland 35 (2)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel endre

Aerle debuterte for PSV i mai 1982 og spelte totalt 278 seriekampar for laget frå Eindhoven fram til 1994. Med PSV vart han nasjonal seriemeister fem gongar i tida 1986-92. Høgdepunktet som PSV-spelar opplevde han då laget vann Europacupen 1988 med 6-5 mot Benfica, etter ein mållaus kamp og straffeskyting. 1986/87-sesongen spelte Aerle på Royal Antwerp i Belgia på utlån. Han avslutta fotball-karrieren med ein sesong, 1994/95, på andrenivålaget Helmond Sport frå fødebyen. Aerle skåra einast 12 seriemål gjennom sine 13-14 sesongar i toppfotballen.

Landslagsspel endre

Nederlands landslag gjorde seg nytte av Aerle i 35 kampar frå debuten i Polen i 1987, utan han nokon gong kom på skåringslista. Under den sigerrike europameisterskapen i 1988, der Nederland vann finalen med 2-0 over Sovjetunionen, spelte Aerle høgreback i alle fem oppgjera til Nederland. Sidan deltok han i |Fotball-VM 1990 og i EM 1992, i begge turneringane med plass i fyrsteellevaren. Han spelte sin siste landskamp i november 1992, som i debuten med Polen på motsett banehalvdel.

Merittar endre

  • Europameister: 1988 for Nederland
  • Vinnar av meisterligaen: 1987 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk seriemeister: 1986, 1988, 1989, 1991 og 1992 med PSV Eindhoven
  • Nederlandsk cupmeister: 1988, 1989 og 1990 med PSV Eindhoven

Kjelder endre