Berti Vogts

tysk fotballspelar

Hans-Hubert Vogts (fødd 30. desember 1946), kjend som Berti Vogts, er ein tidlegare tysk fotballspelar og -trenar frå Büttgen i Nordrhein-Westfalen, som vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1974 og vann VM i fotball 1990 og EM i fotball 1996, dei to siste som trenar. I perioden 1967-78 deltok han i 96 landskampar og skåra eitt mål. På klubbplan spelte han i alle år på Borussia Mönchengladbach, ein klubb han vann to UEFA-cupar og fem vesttyske seriemeisterskapar med.

Berti Vogts
 Vogts med Aserbajdsjan i 2014
Personleg informasjon
Fullt namn Hans-Hubert Vogts
Fødselsdato 30. desember 1946 (77 år)
Fødestad Büttgen-Kaarst i Tyskland
Høgd 168 cm
Posisjon Forsvarsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1965-1979 Mönchengladbach 496 (32)
Landslag
1967-1978 Vest-Tyskland 96 (1)
Trenar for
2000-2001 Bayer Leverkusen
1986-1990 Vest-Tyskland (assistenttrenar)
1990-1998 Tyskland
2001-2002 Kuwait
2002-2004 Skottland
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Klubbspel endre

Vogts debuterte på Borussia Mönchengladbach i 1965 og vart verande i klubben til 1979. Gjennom desse sesongane vart han vesttysk seriemeister fem gongar; 1970-71 og 1975-77. Dessutan vann han den vesttyske cupfinalen 1973 då Borussia vann 2-1 over FC Köln etter ekstraomgangar. Både i 1975 og i 1979 var han med då klubben sikra seg trofeet i UEFA-cupen.

 
Berti Vogts (i kvitt) under VM-finalen 1974

Landslagsspel endre

Vogts landslagsdebuterte 3. mai 1967. I den etterfylgjande sesongen la han beslag på høgrebackplassen til Vest-Tyskland, og hadde nærast klippekort på denne i ti år. Med det vesttyske landslaget vann han ein bronsemedalje i fotball-VM 1970 i Mexico.

Han var ikkje med fotball-EM 1972, men spelte alle kampane i VM i fotball 1974, eit meisterskap som fann stad i Vest-Tyskland. I finalen på olympiastadion i München takla han på seg eit gult kort inne i straffefeltet allereie i det 3. minutt av kampen. Nederland tok leiinga på straffesparket, men Vest-Tyskland kom tilbake og vann 2-1.

Vest-Tyskland nådde også finalen i EM 1976, men tapte kampen mot Tsjekkoslovakia etter straffeskyting. Vogts var lagkapten for Vest-Tyskland i sine 20 siste kampar i landslagstrøya. Han spelte sin 96. og siste landskamp i fotball-VM 1978.

Trenar endre

Etter elleve år som sjef for det vesstyske ungdomslaget tok Vogts våren 1990 over som landslagssjef i Vest-Tyskland. Samme sommaren leia han det vesstyske mannskapet til siger i VM i fotball 1990 i Italia. Han heldt fram som Tyskland landslagssjef til -98, og var såleis også med då Tyskland slo Tsjekkia på «golden goal» i EM-finalenn 1996. Sidan var han trenar for Bayer Leverkusen 2000/01, og landslagssjef for Kuwait 2001-02, Skottland 2002-04 og Aserbajdsjan 2008-14.

Kjelder endre