Beskytta produktnemning

(Omdirigert frå Beskytta geografisk nemning)

Beskytta produktnemning er ei nemning for eit næringsmiddel som ut frå opphav, geografi eller tradisjonelt særpreg ved forskrift har fått eit beskytta produktnamn.

Namnet «parmaskinke» er beskytta geografisk nemning for skinke frå Parma

Matprodusentar og andre som har vern etter ordninga, kan merke produkta med «beskytta opphavsnemning», «beskytta geografisk nemning», «beskytta tradisjonelt særpreg» eller tilsvarande bokmålsnemningar ved sida av det namnet som er beskytta i medhald av den særskilde produktforskrifta.

  • Forskrift om beskytta opphavsnemning kan gjelde næringsmiddel som har opphav på ein stad eller i eit geografisk område, og som har ein særeigen kvalitet, omdømme eller andre kjenneteikn som kan tilskrivast det definerte området eller det geografiske miljøet på staden. Næringsmidlet og råvarene må vere produsert, bearbeidd og foredla i det definerte området.
  • Forskrift om beskytta geografisk nemning kan gjelde næringsmiddel som har ei tilknyting til det geografiske området som produktnemninga er knytt til; krava er likevel ikkje så strenge som for beskytta opphavsnemning.
  • Forskrift om beskytta tradisjonelt særpreg kan gjelde næringsmiddel som i seg sjølve er særprega og tradisjonelle.

Næringsmidlet må anten vere framstilt av tradisjonelle råvarer, eller ha ein tradisjonell samansetjing eller vere produsert etter den tradisjonelle produksjonsmåten. Døme på produkt med nemninga beskytta tradisjonelt særpreg i EU er Mozarella frå Italia, Jamon Serrano frå Spania og Falukorv frå Sverige.

Forskrifta gjeld for alle produkt som er definerte som næringsmiddel etter matlova, herunder vilt, men ikkje drikkevatn, kjeldevatn og naturleg mineralvatn, eller næringsmiddel som er omfatta av vin- og spritforskrifta. Likevel vil produktnemningar for øl og sider under 15 % vol kunne vere beskytta etter denne forskrifta.

Utanlandske produsentar av næringsmiddel kan òg søkje om vern av produktnemningar i Noreg.

Bakgrunnsstoff endre