59°55′N 10°40′E / 59.917°N 10.667°E / 59.917; 10.667

Bestumkilen
bukt
Flyfoto frå 1966. Bygningen inst i kilen er Norges Varemesse (no riven) på Sjølyst på Skøyen, i bakgrunnen bygningar på Hoff. Mykje er endra her sidan fotografiet vart teke.
Foto: Widerøe
Land  Noreg
Kart
Bestumkilen
59°55′00″N 10°40′00″E / 59.916666666667°N 10.666666666667°E / 59.916666666667; 10.666666666667
Wikimedia Commons: Bestumkilen
Bestumkilen med småbåthamna, sett frå bysida. I bakgrunnen ser ein Bygdøy.

Bestumkilen er bukta nordvest for Bygdøy i Oslo, i nordaustleg lei inn frå Lysakerfjorden i Indre Oslofjord, frå øya Killingen ved Bygdøys nordvestre hjørne og inn til Skøyen. Bukta har namn etter Bestum på nordsida av bukta, som opphavleg var eit gardsnamn, no namnet på stroket. Tidlegare vart Bestumkilen og Frognerkilen kalla Ladegaardsfjordene.[1] Inst i bukta munnar Hoffselva ut.

Det inste punktet i Bestumkilen er samtidig det nordlegaste punktet i Oslofjorden, og såleis den endelege enden på fjorden. Det låge eidet i nord mellom Frognerkilen og Bestumkilen var samanhengjande sjø fram til mellomalderen. Det blei ikkje lagt veg til Bygdøy før landhevinga hadde gjort dette til tørt land ein gong på 1600-talet.[2] Ein har vurdert kanalsamband mellom dei to buktene både i 1928 og 1937.

På 1920-tallet blei Bestumkilen brukt som landingsplass og hamn for sjøfly.[3]

Bestumkilen er elles i stor grad nytta til lystbåhamn. Her er også anna aktivitet knytt til sjøen, mellom dei Bestumkilen Roklubb med sitt klubbhus.

Sjølv om området ligg inst i Oslofjorden, er det frå tid til annan blitt sett ulike småkvalar her. I oktober 2006 blei det observert springerdelfin her.[4]

Kjelder endre

  1. Oslo byleksikon, side 75
  2. Bygdønett om veien til Bygdøy[daud lenkje]
  3. «Bestum historie - Bestumkilen». Bestum Vel. Arkivert frå originalen 1. april 2015. Henta 1. april 2015. 
  4. «Delfinfint». Aftenposten. 15. oktober 2006. Arkivert frå originalen 23. oktober 2006.