Koordinatar: 59°54′34.247″N 10°39′31.673″E

Killingen er ei øy i Lysakerfjorden vest for Bygdøy i Oslo, der Bestumkilen går inn frå Lysakerfjorden.

Killingen, nordenden av båthamna
Foto: Helge Høifødt
Killingen, sett frå Bygdøy sjøbad
Foto: Helge Høifødt

Øya og historia endre

Killingen ligg rett vest for Bygdøy Sjøbad, med eit trong sund til Bygdøy. Over sundet går det ei flytebru med ei høgd på om lag 3 meter, slik at båtar kan passere under. Øya er 92,8 mål stor. Killingen har nokre få fastbuande og enkelte fritidsbustader. Øya er i privat eige og ikkje underlagt reguleringsplan.

På austsida av Killingen, mot sundet mot Bygdøy, ligg Sjøsenteret marina med båthamn for om lag 400 båtar og vinteropplag. Sørvest på øya ligg Sydenden Slipp med vinteropplag for båtar. Herbern Båtbyggeri, som låg mot sundet, laga seglbåtar av typen Killing, konstruert av Sigurd Herbern på 1940-talet.

Frå 2006 har det pågått ein konflikt mellom eigar av båthama på Killingen og staten i samband med opprustning av Bygdøy Sjøbad på landsida, om mellom anna flytting og bruk av flytebrua. I april 2007 varsla Riksantikvaren at øya vil verte foreslått freda som del av fredinga av H.M. Kongens eigedommar på og ved Bygdøy.

I 1923 stod det eit slag mellom politi og spritsmuglarar på Killingen.

Øya var for fleire hundre år sidan to øyar, Nordre og Søndre Killingen. Sør i sundet mellom Killingen og Bygdøy ligg Kaffeskjær, som etter tradisjonen har fått namnet fordi fiskarar pleide å koke kaffi her og som er ein viktig hekkested for fiskemåse, og Kakaoskjær.

Killingen naturminne endre

Killingen naturminne (VV00000789) vart freda 15. januar 1988 og omfattar eit 3 dekar stort område nordvest på øya med fossile bergartar.[1]

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Arne Kjeldstadli og Nils P. Thuesen: Indre Oslofjord. Fra Oslo til Drøbak. Historie – natur – havner. I serien Kysten vår. Oslo: Orion, 2006, side 39

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre