Betsy Clifford
Elizabeth Clifford, kjend som Betsy Clifford, (fødd 15. oktober 1953) er ein kanadisk tidlegare alpin skirennar frå Ottawa som vart verdsmeister i storslalåm i 1970.
Betsy Clifford | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 15. oktober 1953 (71 år) Ottawa |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1968 |
Utmerkingar | Canada's Sports Hall of Fame |
Clifford debuterte i verdscupen i alpine greiner vinteren 1969. Sesongen 1969/70 etablerte ho seg i verdstoppen i slalåm med andreplassar i både Grindelwald og i Bad Gastein. Under VM i alpine greiner 1970 i Gherdëina overraska ho med å vinne gullmedaljen i storslalåm, einast 16 år gammal. Fire år seinare vann ho VM-sølv i utfor under alpin-VM 1974 i St. Moritz.
Clifford vann tre renn i verdscupen; to i slalåm og eitt i storslalåm. Sesongen 1970/71 vann ho, saman med franske Britt Lafforgue, slalåmpokalen i verdscupen i alpine greiner. Ho la opp i 1976.