Elizabeth (Betty) Mouat (18256. februar 1918) var ei kvinne som i 1886 dreiv åleine i ei førarlaus seglskute frå Shetland til Sunnmørskysten.

Betty Mouat

Fødd 1825
Shetlandsøyane
Død

6. februar 1918 (92 år)

Liv endre

Betty Mouat livnærte seg gjennom gardsarbeid, spinning og strikking. Den 30. januar skulle ho reise frå Grutness, nær sørspissen av Shetland. Ho skulle til Lerwick, for å selja strikkeplagg, vitja slekt og oppsøkje lækjar. Ho hadde hatt slag året før. Ho hadde også andre helseplager; ho var halt, slik at ho hadde vanskar med å gå langt,[1] og hadde ein gonge vorte skoten i hovudet med hagle ved eit uhell. Ho skulle reise med «SS Columbine», eit 50 fot langt seglfartøy, rigga med ei mast, og klyverbom. Vêret var stormfullt, og skipparen og dei to andre som var mannskap hadde reva segla. Like etter dei tok laust, slitna storseglskautet, og skipparen vart slegen overbord av storbommen. Dei to andre sette i all hast ein småbåt på havet, og gjekk om bord i han for å redde skipparen. Det klarte dei ikkje. Dei kom seg heller ikkje ombord att i «Columbine». Dei kom seg til lands og fekk varsla om det som hadde hendt. Det vart sett i gang leiting etter «Columbine» med fleire dampbåtar, men ho vart ikkje funnen.

 
The Drifting of the "Columbine" Across the North Sea av William Lionel Wyllie

Ei veke etter etter, laurdag 7. februar, stranda «Columbine» på Lepsøya på Sunnmøre. Betty Mouat var framleis ombord. Ho var medteken på grunn av at ho hadde hatt lite mat og drikke. Dessutan hadde det ruskete veret gjort det uråd med skikkeleg kvild. Ho vart same dagen redda i land av folk frå øya. Ho var så medteken at ho var sengeliggande første dagane. 15. februar tok ho fatt på ferda heim. Frå Noreg drog ho til Hull i England ombord på «The Scotsman», og derfrå reiste ho med tog for fyrste gong i livet til Edinburgh.[2] Alle stader ho stogga på heimferda møtte mykje folk opp for å sjå henne. Det var store oppslag om henne i aviser over heile Europa. Ho fekk tilbod om å kome til London å verte framvist for pengar. Det ville ho ikkje, mellom anna fordi det ville vera spottande å tena pengar på Guds nåde.[2] Etter nokre veker i den skotske hovudstaden, der ho kvilte ut hjå eit par frå Shetland, kom ho endeleg heim den 17. mars. Ho levde dei neste tretti åra på Scatness, no og då oppsøkt av viktorianske turistar.[2]

Minne endre

Det britiske handelsministeriet tildelte redningsmedaljar til 7 mann som hadde vore med å redde Betty i land. Dei fekk òg ei pengegåve.[3] Det vart også samla inn pengar til Betty, kring 400 pund, med 20 pund frå dronning Viktoria.[2]

Eit sjal Betty hadde strikka, og som hadde vore med henne på ferda til Noreg, vart stilt ut ved Edinburgh Exhibition seinare same året som ho dreiv over sjøen.[4]

Vraket av «Columbine» vart seld på auksjon, reparert, og tente som fiskefartøy og frakteskute på Norskekysten.[3] Ho vart opphoggen i slutten av 1930-talet. I åra etter denne ferda var «Columbine» eit populært fartøynamn i Noreg.

Staden der «Columbine» stranda ber no namnet Columbinebukta. Der er det oppsett ei minneplate om denne hendinga.

Kjelder endre

  1. Sjoholm, Barbara (2003). «The Lonely Voyage of Betty Mouat». The North American Review 288 (1): 46–49. ISSN 0029-2397. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Betty Mouat's Story», Shetland.org (på engelsk), 14. januar 2019, henta 16. juni 2023 
  3. 3,0 3,1 «Betty Mouat», arkmarin.no, henta 16. juni 2023 
  4. «The Shetland Stall at The Edinburgh Exhibition». The Shetland Times. 27. februar 1886. Henta 11. oktober 2015 – via British Newspaper Archive. 
  • Roderick Grant: Betty Mouat si einsame reise. Originaltittel : The Lone Voyage of Betty Mouat. Utgitt med kommentarar av Haram kulturhistoriske lag, 1986

Bakgrunnsstoff endre