Bezymiannyj (russisk Безымянный) er ein aktiv stratovulkanKamtsjatka i Russland. Namnet på vulkanen tyder «namnlaus».

Bezymiannyj
fjell
Vulkanar på Kamtsjatka: Kljutsjevskaja Sopka (øvst), Bezymiannyj (nedst), begge aktive, og Kamen (i midten).
Land  Russland
Område Kamtsjatka
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 2 882 moh.
Siste utbrot 2006
Koordinatar 55°58′42″N 160°35′12″E / 55.97833°N 160.58667°E / 55.97833; 160.58667
Kart
Bezymiannyj
55°58′00″N 160°36′00″E / 55.966666666667°N 160.6°E / 55.966666666667; 160.6
Wikimedia Commons: Bezymianny

Bezymiannyj ligg på søraustsida av den utdøydde vulkanen Kamen. Det største utbrotet i historisk tid skjedde i 1955-1956 då toppen av fjellet vart 200 meter lågare. Det omliggande landskapet vart endra av ein sidevegs eksplosjon som la området flatt med eit tjukt lag av oske og pyroklastiske stoff.

Utbrotet i 1956 likna utbrotet til Mount St. Helens i USA i 1980. Under utbrotet i 1956 oppstod det eit ras med ein masse på 0,5 kubikkilometer.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre