Biblis Patera er ein utdøydd marsvulkan som ligg på 2,7°N og 235,4°A. Han er ein av to vulkanar nær den vulkanske Tharsis-regionen. I lag med Ulysses Patera ligg han omtrent midt i mellom Olympus Mons og Tharsis Montes. Biblis Patera blei fotografert av Mars Express sitt High Resolution Stereo Camera (HRSC) 8. november 2004. Vulkanen er omtrent 170 kilometer lang, 100 kilometer brei og hevar seg omtrent 3 kilometer over omgjevnadane. Kalderaen er omtrent 53 kilometer i diameter og fire kilometer djup.

Biblis Patera

Koordinatar2,7° N, 235,4°V
Høgd3 km

Bakgrunnsstoff

endre