Bickerton Hill
53°05′13″N 2°42′50″W / 53.087°N 2.714°W
Bickerton Hill | |||
ås | |||
Northern Bickerton Hill, med knausane Raw Head og Musket's Hole
| |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | Mid Cheshire Ridge | ||
Stad | Cheshire, England | ||
• høgd | 227 moh. | ||
• Primærfaktor | 148,5 m | ||
Bickerton Hill 53°04′25″N 2°44′47″W / 53.073611111111°N 2.7463888888889°W | |||
Wikimedia Commons: Bickerton Hill |
Bickerton Hill er to låge åsar av raud sandstein frå sørenden av Mid Cheshire Ridge i Cheshire, nordvest i England. Det høgaste punktet Raw Head ligg på den nordlege åsen og har ei høgd på 227 meter over havet. Delar av den sørlege åsen vert òg kalla Larkton Hill.
Det er spor etter busetnadar på åsen frå yngre steinalder eller bronsealderen. Jordvollane frå eit åsfort frå jernalderen, Maiden Castle, ligg på den sørlege toppen og har status som Scheduled Monument. Det har vore dagbrot og gruver for kopar i åsane sidan 1600-talet og eit maskinrom står att frå gruveindustrien. Fleire grotter finst i sandsteinen og somme har vore busette.
Eit stort område av den sørlege åsen er verna som Site of Special Scientific Interest (SSSI) på grunn av biologien her. Mykje av åsen er eigd av National Trust. På platået på toppen er ei stor lyngslette, som er sjeldan i Cheshire.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bickerton Hill» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2011.