Birøkt

(Omdirigert frå Bihald)

Birøkt eller bihald er det å halda honningbier som husdyr for å laga honning og bivoks, og til å pollinera avlingar. Biene blir haldne i bikubar som kan vera flyttbare eller stå fast på bigardar. Røktinga går ut på å vedlikehalda kubane, henta ut voks og honning og ofte å hindra sverming der bidronninga og mange arbeidarar forlèt kuben.[1] Birøktarar kan bruka verneutstyr som bihanskar og bieslør for å verna seg mot stikk frå biene.

Birøktar i Canada.
Bilete av ein birøktar etter eit glasmåleri frå 1700-talet.

Historie endre

Ein har drive med bihald sidan minst Det gamle Egypt, der det er funne ein referanse til ein «forseglar av honningen» frå Det første dynastiet. Ein papyrus frå 300-talet f.Kr. skildrar bikubar og korleis ein bør byggja dei - 'ikkje som eit kongeplass av stein, men som ei dynge.'[2]

Ein større bigard frå rundt 900 f.Kr. er funnen i Rehov i dagens Israel. Tretti intakte kubar av strå og leire blei funne i ordna rekkjer på denne bronse- og jernalderstaden.[3]

Aristoteles skildra detaljert bier og bihald i Det gamle Hellas. Birøkt er også nemnd av dei romerske forfattarane Vergil, Gaius Julius Hyginus, Varro og Columella.

Også i Kina har ein lenge drive med birøkt, og Fan Li frå Vår- og haustannaltida skreiv mellom anna om korleis ein kunne oppnå suksess i birøkt ved å ha trebikubar av god kvalitet.

I Mayariket i Amerika blei broddlause bier domestiserte og brukte til honningproduksjon i heimar. Biene blei kalla xunan kab (kongelege eller adelege kvinner), og ein dyrka ulike bigudar.

Kjelder endre

  1. Vangen, Odd. «Birøkt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon.
  2. «Beekeeping», reshafim.org.il
  3. Oldest known archaeological example of beekeeping discovered in Israel Arkivert 2015-11-17 ved Wayback Machine. (September 1st, 2008)

«birøkt» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Birøkt
  Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.