Opna hovudmenyen

Rehov, òg kalla Rehob,[1] var ein viktig by i bronse- og jernalderen i Tel Rehov (hebraisk תל רחוב) og ein arkeologisk stad i Jordandalen i Israel, kring 5 km sør for Beit She'an og 3 km vest for Jordanelva. Ein av dei største by-haugane frå antikken i Israel ligg her, med eit areal på 120 000 m² og delt inn i ein «Øvre by» (40 000 m²) og ein «Nedre by» (80 000 m²). Det eldste kjende funnet av biavl i verda er funne i Rehov.[2] Rehov var ein felles israelittisk-kanaanittisk by, og det er estimert at folketalet var 2 000.

Rehov
arkeologisk stad
Ktovet recov AA.jpg
Hebraisk inskripsjon frå Tel Rehov
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°27′26″ N 35°29′54″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tel Rehov

Innhaldsliste

Arkeologiske utgravingarEndra

Ein har utført arkeologiske utgravingar i Rehov nesten kvart år sidan 1997, leia av Amihai Mazar, som er professor ved arkeologisk institutt ved Hebraisk universitet i Jerusalem, og hovudsakleg betalt av John Camp.

Rehov har vist å vere eit viktig arkeologisk funn. Nivåa frå jernalderen II har særleg vist å vere ein viktig del i den pågåande debatten om tidsavgjersla Det samla kongedømet Israel av Israel. Det er gjort viktige funn frå tidleg bronsealder, sein bronsealderen og mellomalderbusetjinga på staden.

Eldgamle bikubarEndra

I september 2007 vart det rapportert om eit funn av 30 intakte bikubar og restar av 100-200 fleire frå midten av 900-talet fvt. og tidleg på 800-talet fvt. i ruinane av Rehov.[3] Bikubane var bevis for ein avansert honningproduserande biavlsindustri (jordbruk) for 3000 år sidan. Bikubane, som var laga av strå og leire, vart funnen i metodiske rekkjer på 100 bikubar.[4] Tidlegare har referansar til honning i gamle tekstar frå regionen (som uttrykket «landet av mjølk og honning» i Det gamle testamentet) trudd å berre ha synt til honning frå dadlar og fiken. Oppdaginga har bevist kommersiell produksjon av bihonning og bivoks.

I tillegg til bikubar vart det funne restar av bier og bilarver og pupper. Ved hjelp av DNA frå restane av bier på staden, fann forskarar i 2010 at biene var underartar som likna på anatolisk bier, som ein no berre finn i dagens Tyrkia. Det kan hende at beitelandet til biene har endra seg, men meir truleg er det at innbyggjarane i Tel Rehov importerte bier fordi dei var mindre aggressive enn dei lokale bien og høvde betre for honningutbytte (tre ti låtte gonger meir enn naturlege israelske bier).[5]

Arkeologiske funn syner òg omfattande handel mellom Israel og det austlege Middelhavet og teknikkar for overføring av bier i store keramikkvasar eller berbare bikubar. Eit assyrisk stempel frå 700-talet fvt. syner at biene vart frakte 400 km sørover frå Tyrenfjella sør i Tyrkia.[6]

Bikubane vart daterte ved hjelp av karbon-14-metoden ved Universitetet i Groningen i Nederland, ved hjelp av organisk stoff (kveite funnen nær bikubane).

KjelderEndra

  1. Avraham Negev; Shimon Gibson (July 2005). Archaeological encyclopedia of the Holy Land. Continuum International Publishing Group. s. 434. ISBN 978-0-8264-8571-7. Henta 3. oktober 2010. 
  2. Oldest known archaeological example of beekeeping discovered in Israel
  3. Friedman, Matti (4. september 2007), «israelske arkeologs find 3 000-year-old bikubar" in USA Today, Henta 14. februar 2015
  4. Mazar, Amihai and Panitz-Cohen, Nava, (December 2007) It Is the Land of Honey: Beekeeping at Tel Rehov Near Eastern Archeology, Volume 70, Number 4, ISSN 1094-2076
  5. Bloch, Guy; et al (June 2010). «Industrial apiculture in the Jordan valley during Biblical times with Anatolian honeybees». Proceedings of the National Academy of Sciences 107 (25): s. 11240–11244. doi:10.1073/pnas.1003265107. Henta 1. oktober 2014.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  6. Biblical buzz - Jerusalem Post

BakgrunnsstoffEndra