Opna hovudmenyen
Døme på bilethandsaming: mønsterattkjenning nytta for å kjenna att og fylgja kampfly.

Bilethandsaming er to- eller tredimensjonal signalhandsaming, nytta i samband med analyse og prosessering av bilete, som til dømes digital video. Tidlegare vart bilethandsaming i nokon grad utført med analog elektronikk, men i dag er så godt som all bilethandsaming digital og dei fleste biletsensorar er digitale. Bilete frå analoge sensorar må digitaliserast (samplast og kvantiserast) før dei vert handsama. Høgnivå bilethandsaming, som mønsterattkjenning, komprimering, etc., vert ofte utført i programvare, men lågnivåhandsaming, som filtrering, kan òg utførast av ein ASIC eller FPGA. Grensa mellom låg- og høgnivåhandsaming er noko flytande, så det som i ein samanheng vert rekna som høgnivåhandsaming kan vert sett på som lågnivåhandsaming i ein annan samanheng. Mange typar bilethandsaming er tredimensjonar, etter som ein òg må ta omsyn til tidsdimensjonen.

Praktisk brukEndra

Digital videoEndra

Innan digital video vert bilethandsaming nytta i kodekar for komprimering før overføring via digitalt bakkenett, kabel eller satellitt.

Medisinsk teknologiEndra

Bilethandsaming har ein sentral plass innan medisinsk teknologi, der det vert nytta i samband med ekkokardiografi, magnetresonanstomografi, mikroskopi, osb.

Radar og sonarEndra

Radar og sonar skapar store datamengder som ofte krev omfattande bilethandsaming. Teknikkar som stråleforming, filtrering, mønsterattkjenning, måldeteksjon og -fylgjing spelar ei viktig rolle.

Overvaking og astronomiEndra

Bilethandsaming er ein viktig teknologi i samband med overvakingsatellittar, observatorium, osb., der det vert nytta for å fjerna støy, finna mønster og objekt, osb.

Sjå ògEndra