Billy Boy Arnold

amerikansk songar

William «Billy Boy» Arnold (fødd 16. september 1935)[1] er ein USA-amerikansk blues-munnspelspelar, songar og låtskrivar.

Billy Boy Arnold

Fotografi av Ronald Weinstock
Fødd16. september 1935 (88 år)
FødestadChicago, Illinois, USA
FødenamnWilliam Arnold
OpphavUSA
Aktiv1952 til i dag
SjangerChicago blues, Rhythm and blues
InstrumentMunnspel, Gitar, vokal
PlateselskapPrestige
Verka somsongar, musikar, låtskrivar

Biografi endre

 
Billy Boy Arnold på International Jazz Festival i Wellington i 2006.

Arnold var fødd i Chicago og byrja å spele munnspel som barn, og i 1948 fekk han formelt opplæring frå naboen John Lee «Sonny Boy» Williamson, kort tid før Williamson døydde. Arnold debuterte som plateartist i 1952 med «Hello Stranger» for Cool, og plateselskapet gav han kallenamnet «Billy Boy».[1]

Tidleg i 1950-åra slo han seg saman med gatemusikaren Bo Diddley og spelte munnspel 2. mars 1955 på innspelinga av Bo Diddley-songen «I'm a Man» for Checker Records.[1] Same dagen som Bo Diddley-innspelinga spelte Billy Boy inn den sjølvskrivne «You Got to Love Me» som ikkje kom ut før plateboksen Chess Blues 1947-1967 i 1992.[2]

Arnold signerte ein solokontrakt med Vee-Jay Records og spelte inn originalane til «I Wish You Would» og «I Ain’t Got You».[3] Begge vart seinare spelte inn av The Yardbirds.[3] «I Wish You Would» vart òg spelt inn av David Bowie på albumet Pin Ups i 1973 og av Sweet i 1982 på albumet Identity Crisis.

Seint i 1950-åra fortsette Arnold å spele i Chicago og i 1963 spelte han inn albumet More Blues From The South Side for Prestige, men karrieren stagnerte og han starta ein parallell karriere so bussjåfør og seinare tilsynsførar.[1]

I 1970-åra hadde Arnold byrja å spele att på festivalar i Europa. Han spelte inn ei innspeling for BBC Radio 1 og John Peel den 5. oktober 1977. Han spelte i 1997 inn songar for det som vart albumet Catfish i 1999 i London med Tony McPhee og The Groundhogs.

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • More Blues On The South Side (Prestige, 1964)
  • Kings Of Chicago Blues Vol. 3 (Vogue, 1973)
  • Blow The Back Off It (Red Lightnin', 1975)
  • Checkin' It Out (Red Lightnin', 1979)
  • Ten Million Dollars (Blue Phoenix, 1984)
  • Back Where I Belong (Alligator, 1993)
  • Eldorado Cadillac (Alligator, 1995)
  • Boogie 'n' Shuffle (Stony Plain, 2001)
  • Consolidated Mojo (Electro-Fi, 2005)
  • Billy Boy Arnold Sings Sonny Boy (Electro-Fi, 2008)
  • Billy Boy Arnold Sings Big Bill Broonzy (Electro-Fi, 2012)
  • The Blues Soul Of Billy Boy Arnold (Stony Plain, 2014)

Konsertalbum endre

  • Live At The Venue 1990 (Catfish, 2000)

Samlealbum endre

  • Crying And Pleading (Charly, 1980)
  • Goin' To Chicago (Testament, 1995)
  • Catfish (Catfish, 1999)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Allmusic biography
  2. Chess Blues 1947-1967 (CD liner). various artists. USA: Chess/MCA Records. 1992. CHD4-9340. Arkivert frå originalen 5. januar 2011. Henta 10. juli 2017. 
  3. 3,0 3,1 Russell, Tony (1997). The Blues - From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books Limited. s. 89. ISBN 1-85868-255-X. 

Bakgrunnsstoff endre