Opna hovudmenyen

Billy Higgins

amerikansk musikar

Billy Higgins (fødd 11. oktober 1936 i Los Angeles i USA, død 3. mai 2001 i Inglewood) var ein amerikansk jazztrommeslagar. Han spelte i rythm & blues- og rockegrupper i Los Angeles i 1950-åra, før han innleia samarbeid med musikarar som Don Cherry og Ornette Coleman.

Billy Higgins
Billy Higgins.jpg
Fødd11. oktober 1936
FødestadLos Angeles
Død3. mai 2001
DødsstadInglewood
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumenttrommesett
PlateselskapContemporary Records
Verka somjazzmusikar

Han heldt seg travelt oppteken i California på 60- og 70-talet, og på 80-talet var han ein ettertrakta studio- og live-trommeslagar. Han opptrådde ofte med artistar som Cedar Walton, Clifford Jordan og Sam Jones.

Higgins vart til slutt prega av dårleg helse, han gjekk gjennom to levertransplantasjonar. I dei siste åra spelte han ofte med Charles Lloyd, og dei siste konsertane deira er gjevne ut på både CD og DVD.

KjelderEndra

  • Richard Cook (2006). Richard Cook's Jazz Encyclopedia. Penguin Books. s. 286. ISBN 0-14-102646-4.