Fargreie
Fargreie, fartøy eller farkost er samleomgrep for framkomstmiddel eller transportmiddel. Fargreier er som regel menneskeskapte, sjølv om det òg finst nokre få naturskapte fargreier, som ein flytande trestamme.

Fargreier kan dragast av trekkdyr eller flyttast ved menneskekraft, dei kan røra seg ved hjelp av drivstoff eller tyngdekraft. Det finst svært mange ulike typar fargreier som kan klassifiserast på ulike vis:
Landfarkostar Endra
Menneskedrivne farkostar Endra
Sumarfarkostar Endra
Sykkel Endra
- Hovudartikkel: Sykkel
Ein sykkel er ei fargreie med eitt eller fleire hjul som er montert etter kvarandre på ei ramme. Sykkelen får framdrift ved hjelp av muskelkraft. Dette skjer anten ved å sparke den framover, eller ved at krafta blir overført frå beina via pedalar, tannhjul og kjede til hjula.
Dresin Endra
Dresin er eit fremkomstmiddel som går på jarnbaneskjener. Dresina vart oppfunna på 1840-talet av tyskeren Karl Drais, som nytta henne for å inspisere jarbanelinjer.
Vinterfarkostar Endra
I kalde land har ein utvikla vinterfarkostar som kan gli på snø eller is, som ski, skeiser, kjelke, pulk, sparkstytting og akebrett.
Ridedyr Endra
Vanlege ridedyr er hest, esel, kamel og så vidare. Før den industrielle revolusjonen spela ridedyr spela ein viktig rolle for menneskeleg aktivitet og somme stader gjer dei det framleis.
Trekkdyrkøyretøy Endra
Trekkdyr kan dra ei rekkje ulike fargreier, som vogner og kjerrer.
Andre trekkdyrkøyretøy kan ha meiar, som slede eller stytting
Motorkøyretøy Endra
- Motorsyklar
- Bilar
- Beltekøyretøy
- Skjenegåande køyretøy
Vassfarkostar Endra
Overflatefartøy Endra
Flåte Endra
- For meir om dette emnet, sjå Flåte.
Ein flåte (norrønt: floti) er ein enkel farkost eller ein flytande plattform som brukast til å bere last, til transport eller til redning på vatn. Flåtar skil seg frå båtar og større skip ved at flåtar manglar skrog og ved at vatn flaumar igjennom eller over flåten. Flåtar har sjeldan reling. Flåtar kan vere stasjonære, dei kan drive med vind, elvestraumar eller havstraumar, eller dei har framdrift med hjelp av segl, årar eller motor.
Båt Endra
- For meir om dette emnet, sjå båt.
Andre typar overflatefartøy er vasski og vasskuter.
Undervassfartøy Endra
Taubanar Endra
Taubanar er eit transportmiddel som går i luftspenn, som vert nytta til person- og varetransport i bratt og ulent terreng. Folk og varer er plasserte i gondolar som hen i kraftige ståltau og vert dregne av ein vinsj. Taubanar for persontransport har ofte lukka gondolar, medan skiheisar har opne sete som heng under berelina.
Luftfarkostar Endra
Luftfarkostar er farkostar nytta for reiser i luftlaget mekkom jordoverflata og det lufttomme verdsrommet. Det finst to hovudtypar: luftfarkostar med oppdrift, som ballongar og luftskip, og farkostar med vengjer som gjev løft når farkosten fer gjennom lufta.
Luftfarkost med oppdrift Endra
Luftfarkost med vengjer Endra
- Fly med faste vengjer
- Segelfly
- Motorfly
- Fly med roterande vengjer
Romfarkostar Endra
Romfarkostar, eller romskip, er eit samleomgrep nytta om framkomstmiddel for reiser i jordbane eller lengre reiser i verdsrommet.