Binyamina-Giv'at Ada
Binyamina-Giv'at Ada (hebraisk skrift בִּנְיָמִינָה) er ein by i Haifa distrikt i Israel. Han vart danna i 2003 då dei to lokale kommunane Binyamina og Giv'at Ada vart slått saman. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var folketalet i Binyamina-Giv'at Ada 12 000 mot slutten av 2009.[1] Før samanslåinga hadde Binyamina 6 600 innbyggjarar.
Binyamina-Giv'at Ada | |||
בנימינה-גבעת עדה | |||
lokal kommune | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Koordinatar | 32°31′20″N 34°56′42″E / 32.52222°N 34.94500°E | ||
Areal | 25,7 km² | ||
Folketal | 10 200 | ||
Grunnlagd | 2003 ved samanslåing | ||
Borgarmeister | Ori Disatnik | ||
Binyamina-Giv'at Ada 32°31′20″N 34°56′42″E / 32.522222222222°N 34.945°E | |||
Kart som viser Binyamina-Giv'at Ada.
| |||
Wikimedia Commons: Binyamina - Givat Ada |
Historie
endreBinyamina
endreBinyamina vart grunnlagd i 1922 og kalla opp etter baron Edmond Benjamin James de Rothschild. I følgje Jewish National Fund vart Binyamina grunnlagd på landområde eigd av PICA av medlemmar frå den tredje Aliyah. Landsbybuarane levde først av sitrusdyrking. I 1947 hadde Binyamina 2000 innbyggjarar.[2]
Givat Ada
endreGivat Ada, kalla opp etter kona til baron Edmond James de Rothschild, Adelaid (Ada), vart grunnlagd i 1903 av åtte familiar frå Zichron Ya'akov.[3] Givat Ada vart grunnlagd som eit jordbrukssamfunn. Dei viktigaste avlingane var det dei fekk frå åkrane og grønsaker, og seinare druer.[4]
Økonomi
endreOmrådet er heimstaden til både Binyamina vingard, som produsert 2,8 millionar flasker vin i året, og Tishbi vingard, som vart starta opp av Jonathan Tishbi i 1985. Tishbi produserer i dag kring ein million flasker i året.[5][6]
Venskapsbyar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Binyamina-Giv'at Ada» frå Wikipedia på engelsk, den 7. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ CBS statistics
- ↑ Jewish National Fund (1949). Jewish Villages i Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 24.
- ↑ Women on the Map, arkivert frå originalen 21. juli 2011, henta 7. april 2015
- ↑ Women on the Map, arkivert frå originalen 21. juli 2011, henta 7. april 2015
- ↑ «About Us». Binyamina Wines. Arkivert frå originalen 17. oktober 2010. Henta 7. april 2015.
- ↑ Rogov, Daniel (12. august 2009). «Wine and Spirits / Family fortune». Haaretz.
- ↑ Choose your family Arkivert 2008-04-13 ved Wayback Machine., Haaretz