Birds of Passage (spansk: Pájaros de verano) er eit episk drama frå 2018 regissert av Ciro Guerra og Cristina Gallego. I Dagbladet sin omtale blir filmen nemnt som «narkofilm om urfolk i Colombia[3] Filmen skildrar ein familie i eit wayuu-samfunn når eit medlem involverer seg i narkotikahandel og samfunnet gradvis taper tradisjonane sine og den tidlegare livsstilen. Filmen vart vald til å opne den 50. utgåva av Director's Fortnight-delen ved filmfestivalen i Cannes 2019.[4] Han vart vald ut som den colombianske framføringa for beste framandspråklege film ved den 91. Oscar-utdelinga i 2019.[5]

Pájaros de verano
RegiCiro Guerra, Cristina Gallego Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Cristina Gallego Sjå dette på Wikidata
ManusCristina Gallego Sjå dette på Wikidata
MedverkandeNatalia Reyes, Carmiña Martínez Sjå dette på Wikidata
KlippMiguel Schverdfinger Sjå dette på Wikidata
MusikkLeonardo Heiblum Sjå dette på Wikidata
DistributørMozinet Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato25. oktober 2018 (Ungarn),[1] 9. mai 2018 (Cannes),[2] 4. april 2019 (Tyskland)[2]
Lengd125 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandColombia, Danmark, Mexico Sjå dette på Wikidata
Språkspansk, wayuu, damana
Inntening1 409 188 US-dollar
Sjangerdramafilm Sjå dette på Wikidata

Bakteppet endre

Guajira-halvøya i nordaustlegaste delen av Colombia lever familieklanar av wayuu-folket. Filmen går inn i ein familiefeide som skal ha hendt frå ca. 1968 til 1980-talet der narkotikahandel blir ein sentral del av konflikten.

Etter det filmen fortel, var det allereie før denne tida utvikla tradisjon for dyrking av marihuana innanfor wayuu-samfunnet og smugling ut av området eller ulovleg handel.[6] Folket var òg røynde med våpen og har i varierande grad hevda sjølvstende frå statsmakta sidan spanske kolonistar etablerte busettingar i på Guajira-halvøya.

Som ein del av av protestane mot Vietnamkrigen vaks hippierørsla i USA og reisande «fredskorpsarbeidarar» kom til Guajira-halvøya. Desse folka skapte aukande spurnad etter marihuana og etterkvart ein eksportmarknad for narkotika som førte med seg rikdom for nokre av klanfamiliane.

Historikarar har hevda at det ikkje finst prov for at wayuu-folket eller korpsdeltakarar frå USA var innblanda i narkotikahandel slik som filmen skildrar det.[7]

Handlinga endre

Filmen opnar med ein seremoni for ei ung wayuu-kvinne som er medlem av ein familie der dei følger gamal tradisjon og rituale. Her møter ho Rapayet som fortel henne at han vil gifte seg med henne. Kvinna er dotter åt matriarken Úrsula i ein familien med status. Ettersom eit giftemål vil medføre stor prestisje for Rapayet sin familie, får Rapayet vite at medgifta vil vere høg målt i smykke og buskap.

Rapayet kjenner wayuu-folk som dyrkar marihuana og tar til med sal til korpsarbeidarane frå USA. Ein av korpsarbeidarane tilbyr Rapayet ein forretningsavtale for å eksportere stoffet. Med pengane frå handelen vert Rapayet i stand til å betale heile medgifta for den unge wayuu-kvinna.

Fleire år seinare er handelen skalert opp, Rapayet har blitt kartelleiar, ekstravagant rikdom og velstand er komne inn i samfunnet og livsstilen er endra. Filmen syner at fleire leverandørar og mellommenn blir involvert og det utviklar seg til total konfrontasjon mellom to familieklanar. Til dømes må Rapayet drepe venen sin som var med på å starte opp verksemda.

Historia som filmen fortel om vegen frå urfolk med klankultur og ritual til narkotikakartell med medlemmar i gangsterroller er annleis enn historia om dei store kartella som seinare voks opp i Medellín og Cali, men med fellestrekk som fråvere av staten som regulerande makt når økonomiske interesser styrer verksemd i samfunnet.[6]

Produksjon endre

Ideskaping for og produksjonen av Birds of Passage tok til ti år tidlegare då regissørane Cristina Gallego og Ciro Guerra vart interesserte i wayuu-folket medan dei filma The Wind Journeys, ein annan film frå området. Filmskaparane baserte Birds of Passage på verkelege historier dei høyrde under denne undersøkingsfasen og innlemma medlemmer av samfunnet i produksjonen. I følgje regissørane var omtrent 30 % av rollebesetninga samansett av lokale wayuu-folk.

Mottaking endre

På gjennomsnittsaggregatoren Rotten Tomatoes har filmen ei godkjenningsvurdering på 95 % baserte på 128 omtalar med ei gjennomsnittleg vurdering på 7,84 av 10. Nettstaden summerer opp:

«Birds of Passage traces the familiar arc of the drug crime thriller from a different direction that's as visually absorbing as it is hard-hitting»[8]

Kjelder endre

Referansar
  1. http://nmhh.hu/dokumentum/198182/terjesztett_filmalkotasok_art_filmek_nyilvantartasa.xlsx.
  2. 2,0 2,1 https://www.imdb.com/title/tt6386748/releaseinfo.
  3. Bentzrud, Inger (26. februar 2019). «Slik startet Colombias narkohelvete». Dagbladet. Henta 23. februar 2020. 
  4. Goodfellow, Melanie (17 April 2018). «Cannes: Directors' Fortnight unveils 2018 line-up». Screen Daily. Screen International. Henta 23. februar 2020. 
  5. Erbland, Kate (29 August 2018). «‘Birds of Passage’: Colombia Selects Cannes Breakout as Foreign Language Film Submission — Exclusive». IndieWire. Henta 23. februar 2020. 
  6. 6,0 6,1 Benedicte Bull, UiO Senter for utvikling og miljø Innledning til Birds of Passage blogg om filmen og folket, 23. februar 2020
  7. «How narco movie ‘Birds of Passage’ tramples the truth». colombiareports.com. Henta 23. februar 2020. 
  8. «Birds of Passage (Pájaros de verano) (2019)». Rotten Tomatoes. Fandango Media. Henta 23. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre