Birger Martinussen, (fødd 4. juli 1875 på Søberg i Bø i Vesterålen, død 17. januar 1910 i Bø i Vesterålen) var student, skribent og dialektgranskar.

Birger Martinussen
Fødd 4. juli 1875Rediger på Wikidata
Død

17. januar 1910

Foreldra til Birger Martinussen var William Andreas Joakim Martinussen (1856-1945) og Anne Marie Olsen (1855-1940). Birger hadde tre søsken, Anny Pauline (1883-1954), Pauline Sofie (1886-1964), og Magna Johanne (1895-1989). Anny og Magna var ikkje gift, Pauline var gift med Karl Fjærvoll.[1]

Birger Martinussen tok middelskoleeksamen i Trondheim på eitt år etter å ha lese middelskolepensum heime i Bø over to år saman med seks andre sambygdingar.

Etter middelskoleeksamen reiste Birger til Kristiania og begynte på eit privat gymnas, ”Hauges Minde”, som blei drive av Kristiania Indremisjonsforeining, og i 1905 tok han examen artium ved Det kongelige Fredriks universitet som privatist. Same året begynte han å studere juss. I Kristiania kom han med i Bondeungdomslaget og Studentmållaget. Frå no av skreiv han berre landsmål, og han var også republikanar.

Studietida i Kristiania blei kort. Vinteren 1906 blei han sjuk, han fekk nyretuberkulose. No reiste han heim til Bø og fordreiv tida med lesing, felespel, treskjering og skriving. Han var også med i ungdomslaget på Straume. På denne tida begynte han også å samle stoff og skrive ”Maalet i Bø i Vesteraalen” der han blant anna la vinn på å syne samanhengen mellom bømål og landsmål. I ungdomslaget ”Fram” heldt han i 1907 innleiing til ordskifte om målsaka der han tok utgangspunkt i sine eigne erfaringar frå Kristiania.

Birger Martinussen sleit med helsa heime i Bø. Hausten 1909 reiste han til ein morbror i Bergen som hadde kurbad. Han syntest kuren gjorde godt, og han søkte derfor ei redaktørstilling i avisa ”Nordmør” i Kristiansund, som han fekk. På vegen dit over jul blei han sjuk, men han greidde å få ut eit par nummer av avisa. Han var dødssjuk, men ville reise heim, og saman med ei sjukesøster reiste han nordover. Søstera hans, Anny, møtte han i Svolvær, og han døydde på lokalbåten ved kaia i Skagen 17. januar 1910.

UtgjevingarEndra

  • Maalet i Bø i Vesteraalen. Student-maallaget, Oslo. 32 sider. 1907

Ingeborg Hoff seier dette om dette vesle skriftet: ”Da «Målet i Bø i Vesterålen» kom ut i 1907, var det eitt av dei fyrste arbeid i sitt slag: ein grammatikk over bygdemålet i jamføring med normalmål, som skulle visa at dette nordnorske målføret var eit mål med grammatiske reglar og lover på line med andre målføre, og ein lekk i det norske talemålet, som i sine skiftande målføre-utformingar vert nytta av vanlege folk over heile landet.” [2]

  • Målet i Bø. Auka utgåve ved Finn Myrvang. 48 sider. Bø i Vesterålen. 1973.

KjelderEndra

Finn Myrvang: "Birger Martinussen". Bøfjerding 1980. Bø bygdelag: Bø i Vesterålen. (Utgitt 1979). Også på internett: http://kuling.net/artikler/birger-martinussen.

FotnotarEndra

  1. Slektsdata frå http://www.blix-dahle.no/tng/getperson.php?personID=I16613&tree=blixdahle
  2. Finn Myrvang: "Birger Martinussen". Bøfjerding 1980. Bø bygdelag: Bø i Vesterålen. (Utgitt 1979).