Birger Solberg Meling (fødd 17. desember 1994) er ein norsk fotballspelar frå Stavanger som sidan juli 2020 er aktiv i den franske fotballklubben Nîmes Olympique. Han har pr oktober 2020 spelt 14 landskampar for Noreg.

Meling er sideback og gjorde 2014-17 teneste i Stabæk IF og deretter i Rosenborg BK fram til juli 2020. Med Rosenborg vart han norsk seriemeister både i 2017 og 2018.

Meling fekk sin landslagsdebut 5.oktober 2017 då Noreg vann 8-0 over San Marino. Det neste 13 månadene var han jamt med i startellevaren til Noreg, dei neste to åra fekk han derimot få landskampar.

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.