Stabæk Fotball (stifta 16. mars 1912) er eit fotballag frå Bærum som spelar i Eliteserien (2020). Blant merittane til klubben finst eitt seriegull (2008), éin sølvmedalje (2007) og tre bronsemedaljar i Tippeligaen, eitt NM-gull frå 1998 og eitt NM-sølv frå 2008 og eitt superfinalegull frå 2009.

Stabæk
Fullt namnStabæk Fotball
KallenamnDe Blaa
Grunnlagd16. mars 1912
HeimebaneNadderud stadion
(kapasitet: 7 000)
HovudtrenarJan Jönsson
SupporterklubbStabæk Support
LigaEliteserien
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Frå og med 2009 har Stabæk òg eit kvinnefotballag i toppen, etter at Asker Skiklubbs fotballag, Asker Fotball Kvinner vart innlemma i klubben, under namnet Stabæk Fotball Kvinner.

Spelarstall endre

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Marius Amundsen Ulla , målvakt[1]
84   K Jonas Brauti , målvakt[1]
12   K Marcus Sandberg , målvakt[1]
  F Mathias Gabrielsen , forsvarsspelar[1]
3   F Yaw Amankwah
5   F Mats Solheim
6   MB Luc Kassi
7   MB Jesper Isaksen
8   MB Emil Bohinen
10   MB Romain Gall (på lån fra Malmö FF)
11   MB Kornelius Normann Hansen
13   A Younes Amer
16   F Andreas Hanche-Olsen  
17   MB Will Donkin
18   F Jeppe Moe
19   A Kosuke Kinoshita
Nr. Posisjon Spelar
21   A Magnus Strandman Lundal
23   A Oliver Valaker Edvartsen
25   MB Hugo Vetlesen
26   F Emil Jonassen
27   F Nicolas Pignatel Jenssen
30   F Peder Vogt
67   MB Tortol Lumanza
72   A Filip Valenčič
77   A Fitim Azemi
88   A Christopher Cheng
  A Matthew Rusike
  A Alexander Torvund

Dette avsnittet vart sist endra 10. juni 2020.[1]

Historie endre

Stabæk IF vart stifta i Løkkeveien 24 i Bærum i 1912. Stabæk er blitt kalla ein oskeladd i norsk toppfotball. Ei gruppe visjonære leiarar, mellom anna Ingebrigt Steen Jensen og Peder Stian Madsen, bestemte seg på slutten av 1980-talet for å gjere Stabæk til ei stormakt i norsk fotball, under mottoet «Ullevaal 95». Namnet synte til at ein skulle spele cupfinale i 1995. Laget gjekk raskt frå 4. divisjon til Tippeligaen, og debuterte der i 1995. Noko cupfinale vart det ikkje det året, men i 1998, då Rosenborg vart slått 3–1 etter ekstraomgangar. Thomas Finstad og Helgi Siggurdson scora eitt mål kvar i ekstraomgangane.

Etter å ha rykt ned i 2004, vann Stabæk 1. divisjon og rykte dermed opp igjen til Tippeligaen i 2005. I 2006 kom dei på femte plass i Tippeligaen og Daniel Nannskog vart toppscorar i ligaen. Året etter tok klubben sølv, bak Brann som vann.

Stabæk vann Tippeligaen 2008 og tok sitt første seriegull ved å slå Brann 1-2 på Brann stadion i Bergen. Gullet vart feira etter 6-2-sigeren mot Vålerenga på eit fullstappa Nadderud stadion i nest siste serierunde. Dette var planlagt å vere den siste kampen til klubben på Nadderud stadion; heretter skulle klubben spele på nye Fornebu stadion, som etter ein avtale med Telenor vart heitande Telenor Arena. Sesongen vart avslutta med NM-sølv etter tap for Vålerenga i finalen på Ullevaal stadion. I 2009 byrja Stabæk sesongen med å vinne nok ein tittel ved å slå Vålerenga 3-1 i superfinalen rett før seriestart i Telenor Arena. Sesongen byrja langt dårlegare i serien, der Stabæk låg på nest siste plass med sju poeng etter åtte rundar. Tre rundar seinare, borte mot Aalesund FK, kom det absolutte botnpunktet prestasjonsmessig, noko som skulle vise seg å markere starten på ein lang opptur, - ein opptur som sendte Stabæk inn i sølvstriden mot Molde, og til slutt gav bronse. 2010-sesongen enda med ein historisk svak 12. plass, Stabæks dårlegaste plassering sidan nedrykksåret 2004. Sesongen var prega av skadar samt utryggleik rundt trenarsituasjonen. 2012-sesongen enda med at Stabæk rykte ned etter den dårlegaste sesongen i Tippeligaen nokon gong. I 2013 spelar dei i Adeccoligaen.

Telenor Arena endre

For meir om dette emnet, sjå Telenor Arena.
 
Telenor Arena
 
Nadderud stadion

Nesten på dagen ti år etter at ideen om han vart klekt, stod Stabæks nye heimebane (Noregs første innandørs Tippeliga-arena), Telenor ArenaFornebu, klar til sesongen 2009. Det er ein innandørs multibruksarena som kan huse over 15 000 menneske på fotballkampar og andre sportsarrangement, og inntil 23 000 menneske på konsertar. Telenor betalte 115 millionar kroner i ein større sponsorpakke der stadionnamnet inngår.[2] Den første treningskampen var mot IFK Gøteborg 24. januar 2009. Kampen enda 0-0. Det første målet laga Rosenborgs Trond Olsen i ein treningskamp 27. februar 2009. 8. mars 2009, i den første offisielle kampen, Supercupfinalen mellom Stabæk og Vålerenga, kom heimelagets første siger på eige kunstgras med 3-1. I serien starta det litt tyngre på den nye arenaen, med tre uavgjorte og eitt tap på dei fire første. Med sin første siger i serien på Telenor Arena (4-1 mot Sandefjord 16. mai 2009) innleia Stabæk ein imponerande statistikk med ti sigrar på elleve seriekampar.

Den nye arenaen vart aldri utseld i løpet av det første året – i sterk kontrast til Nadderud, som året før var utseld til tolv av tretten seriekampar. Med ein langt større tilskodarkapasitet sørgde Telenor Arena likevel for ein kraftig auke i tilskodartalet for Stabæk, frå eit rekordsnitt på ca. 5 800 i 2008 til knappe 9 500 i 2009. Og det i eit år der dei fleste konkurrentane opplevde ein nedgang i tilskodartala. I 2010 gjekk derimot tala ned att til rundt 8000, og føre 2011-sesongen var det lenge usikkert om Stabæk i det hele tatt ville spele på Telenor Arena etter krangel om leigepriser og eigarrett. Mange supporterar av klubben har uttrykt stor skepsis til arenaen, og meiner han blir for stor og kunstig, og ønsker seg eit nytt stadion eller utbygd Nadderud.[treng kjelde]

Etter 2011-sesongen vart det bestemt at Stabæk skulle vende tilbake til Nadderud stadionBekkestua, etter at ein ikkje fann noko løysing på Fornebu.

Trenarar endre

Henning Berg har vore hovudtrenar.

Trenar Periode Nasjonalitet Merknad
Petter Belsvik 2012-   -
Jörgen Lennartsson 2011-2011   -
Jan Jönsson 2005-2010   -
Pål Berg 2004   Siste fire kampar
Gaute Larsen 2001-2004   Fekk sparken fire rundar før slutt i 2004
Anders Linderoth 1998-2001   trekte seg i mai 2001, etter 8-1-tap for Brann i Bergen
Hans Backe 1996-1997   -
Lars Tjernås 1993-1995   -

Merittar endre

  • Cupen:
    • Cupmeisterar: 1998 (3-1 over Rosenborg)
    • Sølv: 2008 (Vålerenga vann 4-1)

Øvrige endre

Europa endre

Mesterligaen
Sesong Runde Motstandar Heime Borte Samanlagt
2009–2010 2   KF Tirana 4–0 1–1 5–1
2009–2010 3   FC København 0–0 1–3 1–3
Europaligaen
Sesong Runde Motstandar Heime Borte Samanlagt
1998–1999 1 (Intertoto-cup)   FK Vojvodina 1–2 2–3 3–5
1999–2000 1 (UEFA-cup)   Deportivo dei La Coruña 1–0 0–2 1–2
2002–2003 1 (UEFA-cup)   Linfield FC 4–0 1–1 5–1
2002–2003 2 (UEFA-cup)   RSC Anderlecht 1–2 1-0 2–2
2004–2005 1 (UEFA-cup)   FC Haka 3–1 3–1 6–2
2004–2005 2 (UEFA-cup)   FC Sochaux-Montbéliard 0–5 0–4 0–9
2008–2009 2 (UEFA-cup)   Stade Rennais FC 2–1 0–2 2–3
2009–2010 Play-off   Valencia CF 0–3 1–4 1–7

Statistikk endre

Spelarane med flest mål gjennom tidene[3]:

  1. Daniel Nannskog 118 mål
  2. Veigar Páll Gunnarsson 100 mål
  3. Petter Belsvik 75 mål
  4. Thomas Finstad 54 mål
  5. Tom Fodstad 54 mål

Kjende tidlegare spelarar endre

Resultat år for år endre

Sesong Nivå Plass. Kampar Siger Uavg. Tap Mål for Mål mot Poeng NM Anna
1963 IV 5 14
1964 IV 5 14 12 7 12
1965 IV 3 14 3. runde
1966 IV 1 14 opprykk
1967 III 5 14 6 2 6 31 19 14 3. runde
1968 III 1 14 10 1 3 31 16 21 2. runde opprykk
1969 II 2 14 8 1 5 25 15 17
1970 II 3 14 5 4 5 17 13 14 kvartfinale
1971 II 4 14 5 4 5 15 20 14 2. runde
1972 II 4 18 8 5 5 23 13 21
1973 II 9 18 3 3 12 16 36 9 nedrykk
1974 III 6 18 7 4 7 35 35 18 3. runde
1975 III 8 18 6 2 10 22 27 14
1976 III 9 18 4 7 7 25 25 15 nedrykk
1977 IV 2 18 9 6 3 34 19 24 1. kv. runde
1978 IV 3 18 10 4 4 38 21 24 1. kv. runde
1979 IV 1 18 11 7 0 37 13 29 2. kv. runde Opprykk
1980 III 5 22 9 6 7 29 28 24 2. kv. runde
1981 III 7 22 9 4 9 36 39 22 2. runde
1982 III 11 22 6 4 12 16 45 16 2. kv. runde nedrykk
1983 IV 5 22 8 6 8 41 37 22 1. kv. runde
1984 IV 12 22 1 3 18 29 83 5 2. kv. runde nedrykk
1985 V 2 18 11 3 4 52 25 25 deltok ikke opprykk
1986 IV 11 22 5 7 10 22 42 17 1. kv. runde nedrykk
1987 V 1 18 14 1 3 53 11 29 deltok ikke opprykk
1988 IV 4 22 10 5 7 34 20 35 1. kv. runde
1989 IV 2 22 13 6 3 45 19 45 1. kv. runde
1990 IV 1 22 13 4 5 48 23 43 1. kv. runde opprykk
1991 III 2 22 12 5 5 39 19 41 1. runde
1992 III 3 22 12 7 3 60 23 43 2. runde
1993 III 1 22 16 2 4 51 26 50 2. runde opprykk
1994 II 2 22 13 3 6 43 32 42 3. runde opprykk
1995 I 9 26 9 6 11 36 40 33 4. runde
1996 I 6 26 9 9 8 47 45 36 kvartfinale
1997 I 5 26 13 4 9 33 35 43 kvartfinale Intertoto Cup
1998 I 3 26 16 5 5 63 29 53 Norgesmester UEFA Cup
1999 I 5 26 14 4 8 58 49 46 4. runde
2000 I 5 26 12 6 8 59 33 42 3. runde
2001 I 4 26 14 3 9 45 39 45 4. runde UEFA Cup
2002 I 5 26 12 6 8 48 34 42 semifinale
2003 I 3 26 11 9 6 51 35 42 4. runde UEFA Cup
2004 I 13 26 7 6 13 25 40 27 semifinale nedrykk
2005 II 1 30 20 7 3 63 23 67 kvartfinale opprykk
2006 I 5 26 10 9 7 53 36 39 3. runde
2007 I 2 26 14 6 6 53 38 48 semifinale UEFA Cup
2008 I 1 26 16 6 4 58 24 54 finale Champions League
2009 I 3 30 15 8 7 52 34 53 kvartfinale UEFA Europa League
2010 I 12 30 11 6 13 46 47 39 3. runde
2011 I 10 30 11 6 13 44 50 39 3. runde
2012 I 16 30 5 2 23 25 69 17 3. runde Nedrykk

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Herrer spillere. Vitja 10. juni 2020
  2. Betaler 115 millioner for Telenor Arena, arkivert frå originalen 27. juni 2008, henta 29. mai 2013 
  3. Stabæk Fotball - Statistikk/Historikk Menn, arkivert frå originalen 14. desember 2009, henta 29. mai 2013 

Bakgrunnsstoff endre

 
Wikinytt
Wikinytt har nyhende knytt til Stabæk Fotball: