Biri Glassverk

(Omdirigert frå Biri glassverk)

Biri Glassverk, Birid Glasværk eller Biri Glasfabrique var ei verksemd som framstilte glas, mest vindaugsglas og flasker i grønt glas, på Biri. Verket låg på garden Svene i det som i dag er Gjøvik kommune.

Verket vart oppretta av Det kongelige oktroajerede Norske Kompagni i 1761, men produksjonen kom ikkje i gang før om lag 1764. Verksemda vart endeleg lagt ned i 1880, det hadde også vore opphøyr i verksemda frå ca. 1843 til 1855. Det hadde vore fleire ulike eigarskap i driftstida, på slutten vart verket drive av same selskap som det som stod bak Hadeland Glassverk og Hurdal Glassverk.

1764-1809 Kauffeldt-perioden

endre

I 1764 kom Bernt Kauffeldt frå Mecklenburg til Biri. Frå 1769 var han hyttemeister og han vart forvaltar ved verket i 1787. Etter kvart kom sonen Caspar Kauffeldt til å ta over den forretningsmessige sida av drifta medan faren Bernt konsentrerte seg om den daglege drifta. Etter at Bernt døydde i 1791 overtok kona Dorothea saman med sonen Caspar paktinga av verket. Frå 1794 var Caspar einepaktar fram til 1809.

Caspar Kauffeldt var ein dyktig drivar og i 1809 var Biri glassverk større enn Hadeland glassverk og på høgde med Hurdal glassverk.

I 1843 gjekk verket konkurs. Drifta vart tatt opp att i 1855.

Verket har òg vore kalla Birid Glasværk, Biri Glasfabrique og Biri Glasværk.

I 1769 vart det utskrive ekstraskatt for dei som arbeidde ved verket. Skattelistene eksisterer i dag og gir oversikt over kven som arbeidde ved verket og kor mykje dei fekk batalt.[1]

Bakgrunnsstoff

endre

Referansar

endre
  1. Skatteliste for 1769, arkivert frå originalen 15. mars 2012, henta 30. april 2013