Hurdal Glassverk

Hurdal Glassverk var eit norsk føretak som vart oppretta i 1755 med det føremål å produsere glas. Verket var i drift til 1895.

Drikkeglas frå Hurdal Glasværk, Søndre Brekke gård museum i Skien

Glasverket var frå oppstarten til det blei lagt ned spesialisert i å produsere kronglas til vindauge.[1] 1 1779 fekk det overført privilegiet til å produsere krystall og kvitt glas frå Nøstetangen Glassverk. I 1809 var denne produksjonen flytt til Gjøvik Glassverk.

Det produserte òg drikkeglas[2] og var frå 1842 ein del av Interessentskapet for Hurdal, Biri og Hadeland Glasværker, selskapet som seinare vart Christiania Glasmagasin.

ArbeidararEndra

  • Hans Nilsen Hetty (1784-1831), glassblåsar[3]

ReferansarEndra

  1. Glassportalen
  2. Ada Polak
  3. [1]Hans Nilsen Hetty på Nannestad slektsskog

LitteraturEndra

  • Ada Polak: Gamle glass fra Hurdal og Gjøvik, C. Huitfeldt forlag

BakgrunnsstoffEndra