Hadeland Glassverk

(Omdirigert frå Hadeland glassverk)

Hadeland Glassverk er eit glasverk og turistmål i Jevnaker kommune i Akershus fylke.

Panorama av Hadeland Glassverk
Ein av de mange bygningane på Hadeland Glassverk

Hadeland Glassverk vart lagt på grunn under garden Mo på Jevnaker ved sørenden av Randsfjorden i 1762. Produksjonen starta i 1765, noko som gjer verket til Noregs eldste industriforetak med kontinuerleg drift. På den tida fanst det ikkje tilstrekkeleg med norske arbeidarar, slik at ein måtte hente inn arbeidskraft frå utlandet, særleg frå Tyskland.

1765-1850-talet endre

På 1700-talet var produksjonen av glas sterkt regulert der ulike glasverk hadde monopol på produksjon av grønt glas, kvitt glas og glas til vindauge. I 1765 brann Ås grøne hytte på Sandsvær og produksjonen vart starta opp att på Hadeland. Mange av arbeidarane følgde med frå Sandsvær til Hadeland. Frå starten til midt i 1850-åra var produksjonen grønt glas som i hovudsak var flasker, apotekarglas, medisinglas og glas til hushaldningsbruk.

1850-talet til vår tid endre

I 1852 overtok Ole Chr. Berg som styrar av glasverket, og verket fekk ei stor utvikling under leiinga hans. Produksjonen vart lagt om til kvitt glas og krystall. Produkta omfatta småglas (vinglas), bollar, fat, blomsterglas, vasar og lampeglas. På 1800-talet nytta ein modellar av glas frå andre land i Europa.

I 1899 kom den første Krystallkatalog. I den finn ein den mest omfattande lanseringa av nye produkt som glasverket nokon gong har presentert. Mange av desse servisa vart produsert i mange tiår. Kjente service i denne katalogen er: Louise, Opera og Nansen. Den viktigaste designaren var Ragnvald Hansen.

I 1920-åra tok glasverket til å designe eigne modellar. Fleire kjente kunstnarar og designarar har bidratt. Mellom dei finn ein Sverre Pettersen, Ståle Kyllingstad, Jonas Hidle, Willy Johansson og Benny Motzfeldt. Handverkmessig brakte glasmeisteren Johan Wilhelm Johansson Hadeland til mellom dei fremste glasverka i Norden.

Krigen representerer eit skilje ved at dei fleste av førkrigsmodellane ikkje vart ført vidare og mange nye modellar vart introdusert i den første katalogen etter krigen i 1948. Kjente designarar i andre halvdel av 1900-talet er Severin Brørby og Arne Jon Jutrem.

I dag er Maud Gjeruldsen Bugge sjefsdesignar ved glasverket. Andre designarar er Vibeke Skar, Lene Hansson, Cecilie Moi Sindum, Edla Freij, Espen Smith, Inger Magnus, Susanne Schürch, Toralf Bølgen, Harald Broch og Kjell Johannessen.

Med jamne mellomrom inviterer ein kjente kunstnarar til å samarbeide om utvikling av kunstnariske uttrykk i glas. Mellom desse finn ein Ferdinand Finne, Kåre Tveter, Jacob Weidemann, Nico Widerberg, Ørnulf Opdahl, Magne Furuholmen og Finn Schjöll.[1]

I dag endre

Hadeland Glassverk er Noregs fjerde største turistattraksjon med 475 000 besøkande i 2007.[2] Det er òg Jevnaker kommunes tusenårsstad.

I dag er mesteparten av glaset produsert utanlands, og med sine 190 tilsette representerer glasverket i dag ein bransje som gjennomgår stadig utvikling, med auka fokus på kostnadseffektiv produksjon og besøkstilbodet til bedrifta. Det er òg mogleg for gjestande glasblåsarar å lage sine eigne glas.

Ved glasverket er det ei omfattande samling av produksjonen gjennom tidene. Berre ein liten del er stilt ut.

Hadeland Glassverk A/S er i dag eit dotterselskap under CG Holding, som fokuserer på forretningsverksemd innanfor bransjen, råvarehandel, eigedom og investering.

I dag produserer glasverket kunstglas, vinseriar, barseriar, glasservise, studioglas, blomstervasar, suvenirar og julefigurar.

Produkt endre

Vinglasseriar endre

Hadeland har produsert mange seriar opp i gjennom tida. Her er lista opp dei som har vore presentert i meir enn 10 år i prislistene sortert etter introduksjonsår. Dei fleste seriane fekk ikkje så lang levetid.

1927-1940 endre

Bernhard Alexandra Sigfried Brynhild Balder Liss Adolf Østråt Monogram Røyne

Etter 1948 endre

Arvid Britt Eilif Eli Frøydis Ingrid Rolf Torill Venus Wenche Rådhus

Betzy Willy

Stein

Rex Bente Jonas Jumbo Ambassadør

Pierre Elinor Dinner Kikki Balder Agathe Tangen Club

Medoc Maihaugen Severin Saga Oslo Peer Gynt Spiral Sonja Furu Surf

Nøstetangen Sentimento Finn Marie Diario Brillant

Av desse er desse seriane tilgjengeleg i dag (2012): Nøstetangen, Odyssé, Sentimento, Finn, Marie, Peer Gynt, Diario, Brillant, Tangen, Surf.

Barglasseriar endre

  • Augustin
  • Montreal
  • XO/Brandy
  • Gilde
  • Patron

Litteratur endre

  • Inger Marie Lie: Hadelandsglass 1850-1900 (C. Huitfeldt forlag, 1977), ISBN
  • Jens W. Berg: Hadelandsglass 1900-1950 (C. Huitfeldt forlag, 1996) ISBN
  • Jens W. Berg: Hadelands karafler 1856-1996 (Hadeland glassverk, 3. opplag, 1996)
  • Jens W. Berg: Hadelands vinglass 1856-1996 (Hadeland glassverk, 3. opplag, 1996)

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Referansar endre