Birkebeinar
Birkebeinane eller birkebeinarane (frå norrønt: birkibeinn) var ein opprørsflokk og eit politisk «parti» i borgarkrigstida i Noreg.
Namnet sitt hadde dei frå det at det var så dårleg stell med fottøyet deira, fattige og forkomne som dei var, at dei surra bjørkenever rundt føtene for å halda varmen.
Birkebeinane var opphavleg ein opprørsflokk av småfolk som slutta opp omkring tronkrevjaren Øystein Øysteinsson Møyla på midten av 1170-talet. Med kong Sverre Sigurdsson kom birkebeinane til makta i 1177, men fekk ikkje full kontroll før valet av Sverre sin soneson Håkon Håkonsson i 1217. Mindre stridar heldt fram til 1223, og eit siste opprør av hertug Skule Bårdsson vart knust i 1240. Birkebeinane og Sverreætta sat med makta til 1319.
Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet
endreI moderne tid vert skirennet Birkebeinerrennet og sykkelrittet Birkebeinerrittet skipa til. Kvart år går ferda frå Østerdalen til Gudbrandsdalen. Tilskipingene er til minne om birkebeinane si ferd over fjellet i 1206.
Håkon Sverresson var leiar for birkebeinane og konge av Noreg frå 1202 til 1204. I den korte regjeringstida si hadde han nedkjempa baglarane sitt kongsemne og forlikt seg med biskopane, som hadde vore i eksil. Håkon døydde tidleg og ugift, utan nokon klar arving. Dermed starta ei ny baglar-reising, som førte til ei deling av landet, med eit baglar-kongedøme på Austlandet og rundt Oslofjorden, og eit birkebein-kongedøme på Vestlandet og Trøndelag.
Håkon Håkonsson vart fødd i område som vart kontrollert av baglane, og det at han var son til ein birkebeinarkonge sette både han og mora i ein svært farleg situasjon. Difor flykta ho nordover med guten, mot Trøndelag. Birkebeinerrennet og Birkebeinerrittet er til minne om ein del av denne ferda i 1206, då birkebeinane Torstein Skeivla og Skjervald Skrukka bar kongssonen med seg på ski gjennom dårleg ver for å bringa han i tryggleik.