Birket Israel
Birket Israel (tyder Israelbasseng) òg Birket Israil eller Birket Isra'in,[1] forkorta frå Birket Asbât Beni Israìl (tyder] Bassenget til stamma av Israels barn) var ei offentleg cisterne som låg i nordausthjørnet av Tempelhøgda i Jerusalem. Ein trur det vart bygd av roarane som eit vassreservoar, og for å verne nordmuren av Tempelhøgda. Innfødde arabarar har kalla bassenget med dette namnet sidan minst 1857.[2]
Birket Israel | |||
reservoar | |||
Det tomme reservoaret seint på 1800-talet
| |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
By | Jerusalem | ||
Koordinatar | 31°46′49.22″N 35°14′10.35″E / 31.7803389°N 35.2362083°E | ||
Birket Israel 31°46′49″N 35°14′10″E / 31.780338888889°N 35.236208333333°E | |||
Kart som viser Birket Israel.
| |||
Wikimedia Commons: Birket Israel |
På midten av 1800-talet var det ikkje lenger i bruk som reservoar, og var delvis fylt opp av søppel og nytta som grønsakshage. I 1934 vart det fylt att og vert i dag kalla el-Ghazali-plassen. I dag vert plassen nytta til butikkar, parkeringsplass og til omlasting av søppel.
Historie
endreI følgje muslim tradisjon, vart reservoaret bygd av Esekiel eller Hiskia, konge av Juda.[3] Somme arkeologar har avdekt at cisterna truleg vart bygd under Herodes-tida for å utbetre vassforsyninga i Jerusalem.[4] Andre estimat meiner at det vart bygd seinare, kring 130 evt., mellom anna fordi Josefus truleg ville ha nemnt eit så stort reservoar i skildringane si frå den tida.[5]
Det var det største reservoaret i Jerusalem, og var 109,7 meter langt og 38,4 meter breitt, med ei største djupne på 26 meter.[6] Cisterna hadde ein samla kapasitet på 120 000 kubikkmeter.[4]
Kjelder
endre- ↑ Koenen, Klaus. (2004) Bethel: Geschichte, Kult and Theologie
- ↑ Hackett (1857), s. 186
- ↑ Hanauer (2008), s. 104
- ↑ 4,0 4,1 Frå Pompeius til øydelegginga av Det andre tempelet
- ↑ Warren, Charles. Conder, Claude Reigner. The Survey of Western Palestine[daud lenkje], Committee of the Palestine Exploration Fund, London, 1884.
- ↑ Finkelstein, Horbury, Davies & Sturdy (1999), s. 10
- Finkelstein, Louis; Horbury, William; Davies, William David; Sturdy, John. The Cambridge Historie of jødedom, Cambridge University Press, 1999. ISBN 0-521-24377-7
- Hackett, Horatio Balch (1857). Illustrations of Scripture: Suggested by a Tour Through the Holy Land, Heath & Graves, 1857.
- Hanauer, J.E. Folk-lore of the Holy Land, BiblioBazaar, 2008. ISBN 0-554-29711-6
- Kopp, Clemens [1962] (1963). The Holy Places of the Gospels. Freiburg: Herder, Edinburgh and London: Nelson. Originally publisert i 1962 as Die Heiligen Statten der Evangelien (tysk).
- Safdie, Moshe; Barton, Rudy & Shetrit, Uri. The Harvard Jerusalem Studio, MIT Press, 1986. ISBN 0-262-19247-0
- Paton, Lewis Bayles. Jerusalem in Bibelen Times, Ayer Publishing, 1977. ISBN 0-405-10277-1
- Wallace, Edwin Sherman. Jerusalem the Holy, Ayer Publishing, 1977. ISBN 0-405-10298-4
- Denne artikkelen bygger på «Birket Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2015.