Bjørn Tore Wirkola (fødd 4. august 1943 i Alta) er ein norsk, tidlegare skihoppar, kombinertløpar og fotballspelar. Han vart verdsmeister i stor bakke og normal bakke under VM på ski 1966 i Oslo, og vann den tysk-austerrikske hoppveka i åra 1967-69. Wirkola er den einaste som har greidd å vinne hoppveka tre gongar på rad. Han sette i 1966 verdsrekord i Vikersund med eit stilreint hopp på 146 meter.

Bjørn Wirkola


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. august 1943 (80 år)
Alta
Idrett kombinert, fotball, skihopping
Tok del i

Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968, Vinter-OL 1964

Utmerkingar

Egebergs Ærespris, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten, Sportsjournalistenes statuett

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn endre

  • 1963: Nr 8 i Lahti
  • 1964: Nr 3 i i Holmenkollen
  • 1965: Siger i Bischofshofen, nr 2 i Innsbruck og Lahti. Nummer 2 i den tysk-austerrikske hoppveka
  • 1966: Dobbel verdsmeister i Oslo. Nr 2 i Garmisch-Partenkirchen og Lahti, nr 3 Bischofshofen. Nummer 3 i den tysk-austerrikske hoppveka
  • 1967: Vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Siger i Garmisch-Partenkirchen, Innsbruck, Bischofshofen og i Holmenkollen, nr 3 i Oberstdorf
  • 1968: Vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Siger i Garmisch-Partenkirchen, nr 2 i Innsbruck og Holmenkollen, nr 3 i Oberstdorf. Nr 4 i normalbakken under OL i Grenoble
  • 1969: Vinnar av den tysk-austerrikske hoppveka. Siger i Oberstdorf, Garmisch-Partenkirchen og Innsbruck, nr 2 i Bischofshofen
  • 1970: Siger i Innsbruck, nr 2 i Lahti, nr 3 i Bischofshofen. Nr 13 i normalbakken under VM i Štrbské pleso
  • 1971: Siger i Svenska skidspelen i Falun
  • 1972: Siger i Bischofshofen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap endre

Å hoppe etter Wirkola endre

Wirkolas fleirårige posisjon som verdas beste skihoppar har gitt opphav til uttrykket «å hoppe etter Wirkola». Uttrykket vert brukt om situasjonar der ein skal overta eller vidareføre ei oppgåve etter ein forgjengar som har vore uvanleg dyktig. Første gong det er registrert at uttrykket vart brukt var i 1965, då Torbjørn Yggeseth og Per Jorsett kommenterte frå NM i hopp i Skuibakken. Yggeseth uttalte då: «Selv for Engan er det ikke moro å hoppe etter Wirkola». Kilde: NRK Sportsrevyen[1]

I Aftenposten 8. februar 2008 er det NRKs legendariske sportskommentator Bjørge Lillelien som får æra for å ha skapt uttrykket: «Under VM i Oslo i 1966 var Bjørn Wirkola og tyskeren Dieter Neuendorf to av de største favorittene. Wirkola vann normalbakkerennet og Neuendorf var sugen på revansje i storbakken. Tyskeren trakk et senere startnummer enn Wirkola, og etter et kjempehopp av Norges store hopper satt Neuendorf spent igjen på bommen. Han mislyktes totalt og tyskeren klarte ikke å skjule skuffelsen og irritasjonen på sletta. NRK radios kommentator Bjørge Lillelien fanget opp Neuendorfs reaksjon og uttalte meget engasjert: «Slik går det når man hopper etter Wirkola!» (...) Kilder: Arne Thoresen og Arne Scheie

Fotball endre

Wirkola spelte på Rosenborg i sesongane 1971 og -72. I 1971 var han med å vinne dobbel, då laget vart både serie- og cupmeistrar. Han var angrepsspelar, og var 1971-sesongen Rosenborg sin toppskårar i serien, saman med Arne Hanssen.

Skihopparen Wirkola var medlem av Alta IF, fotballspelaren Wirkola av Rosenborg Ballklub. Han vart tildelt Olavstatuetten i 1966, Sportsjournalistenes statuett som «Årets idrettsnamn» i 1967, Holmenkollmedaljen i 1968 og Egebergs ærespris i 1971.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • Bokmålswikipedia

Notar endre

Bakgrunnsstoff endre