Bisfenol A
Bisfenol A (BPA) er eit syntetisk organisk stoff med kjemisk formel (CH3)2C(C6H4OH)2. Det er eit fargelaust, fast stoff som er løyseleg i ei organisk løysing men lite løyseleg i vatn. Ved to funksjonelle grupper fenol blir det brukt for framstilling av polykarbonatpolymerar og epoksy, saman med andre råstoff til plast. BPA-basert plast er gjennomsiktig og bestandig, og blir brukt i mange vanlege forbruksvarer som tåteflasker, vassbehaldarar, sportsutstyr, CD-ar og DVD-ar, og i industriell bruk som indre belegg i vassleidningar og vinger til vindturbiner.
Bisfenol A | |||
| |||
Systematisk namn | 4,4'-(propan-2,2-diyl)difenol | ||
---|---|---|---|
Andre namn | BPA | ||
Kjemisk formel | C₁₅H₁₆O₂ | ||
Atommasse | 228,115 atommasseeining | ||
Eigenskapar | |||
Smeltepunkt | 158 | ||
Kokepunkt | 220 | ||
Smiles-notasjon | Oc1ccc(cc1)C(c2ccc(O)cc2)(C)C | ||
CAS-nummer | 80-05-7 | ||
SI-einingar & STP er brukt om inkje anna er oppgjeve |
Bisfenol A (BPA) er brukt i gummi, polykarbonat (PC), men utgjer mellom 40 til 60 % av innhaldet i epoksy-resin før tilsetting av herdar. Ferdig herda epoksyprodukt inneheld mellom 30-40 % bisfenol. Den vanligste typen bisfenol i epoksyprodukt er bisfenol A (BPA). Dei fleste bisfenol er skadelege og har ulike verknader på natur og næringskjeda.[1][2]
Bisfenol A (BPA) er blitt påvist i urinprøver frå menneske med ekstremt høg frekvens (opptil 99 %),[3] noko som indikerer omfattande ureining.[4]
BPA blei funne i dei fleste prøvar frå blod, morsmjølk eller fostervatn.[5][6] Sjølv låge doser BPA ser ut til å ha svært negtiv helseeffekt.
I 2024 gjorde forbrukerrådet ei undersøking om BPA i mat og drikker produkter og fann at forbrukarar fekk i seg for høge mengder BPA gjennom daglegvarer.[7]
BPA er svært skadeleg om insekt, pattedyr, fisk, alger med meir får dette i seg. Det er kreftframkallande, kan redusera evne til reproduksjon, gje redusert vekst, gje varige hjerneskader, vera involvert i fedme, metabolsk syndrom og insulinresistens med meir.[8][9][10][11][12][6]
Når det gjeld utslepp av bisfenol A (BPA) til natur og miljø kan det sjå ut til at forskinga for det meste har konsentrert seg om BPA frå polykarbonater (PC). Vidare ser det ut til at uro knytt til utslepp av BPA i stor grad har vore knytt til den frie BPA i ferdig herda plast.
Sjølv om skaden av BPA er dokumentert som svært alvorlige kan det sjå ut til at vi enno ikkje har fullstendig kunnskap av omfanget og at epoksyplastikk kan vera ein trojansk hest når det gjeld utslepp av BPA.
Det er først dei seinare åra at forsking har stadfesta at epoksyplastikk blir spist og blir brutt ned i mage-og tarmsystem til marine arter, som alger, kreps, musling, sneglar, fisk, amfiberier, pattedyr og landbaserte mikrobar, insekt og dyr. Det gjer at bisfenol blir frigjort og tatt opp i kroppen gjennom mage- og tarmsystem til desse artane og på denne måten går inn i næringskjeda.
Ei rekke epoksyprodukt blir usett for slitasje slik at epoksyplast kjem ut i naturen i store mengder i form av mikro- og nanoplast. Det er store utslepp frå bilindustri, skipsindustri og frå vindkraftindudtri.[13][4][14][15] Nanoplast kan bryte gjennom blod-hjerne barieren i fisk og gir hjerneskader og endra åtferd.[11]
Det samla utsleppet av mikro- og nanoplast frå epoksyprodukt i Europa er ukjent, men at det mange hundre tonn per år er rimeleg å estimere når det frå bilbelegg/lakk åleine blei slept ut 225 tonn i 2013.[16] Utslepp frå bildekk og polykarbonater (PC) inneheld også BPA og gir enorme utslepp av mikro- og nanoplast frå gummidekk/gummigranulater og polykarbonater til naturen.
Produksjon av venger til vindturbinar er dei som desidert bruker mest epoksyplast. Alt i 2013 gjekk 27 % (69 000 tonn) av alle epoksy-resin til denne enetgiindustrien,[17] og denne har hatt ein eksplosiv vekst og at veksten i vindindustrien vil auka i åra som kjem. Global årleg produksjon av BPA er på over 10 millionar tonn, og det er forventa auke i åra som kjem.[6]
Både hav, innsjøar, elver med meir er forureina med høge dosar bisfenol og epoksyplast.[1][4]
Bisfenol og epoksyplast (nano- og mikroplast) går oppover i næringskjeda, blant anna frå planteplankton vidare til dyreplankton, til andre marine dyr og fisk.[2][11][18] Det skjer ved at epoksyplatikk blir brote ned i ein ein hydrolyseprosess - i eit fuktig, surt og varmt miljø - som t.d. mage- og tarm til dyr.
Det tek lang tid å bryte ned epoksy i naturen, om ein ser bort frå nedbrytinga som skjer gjennom hydrolyse (mage- og tarmsystem) i næringskjeda. Epoksyplast difor blir liggande i naturen til den blir tatt opp og brutt ned i næringskjeda.[12][19] UV-filter skader ikkje epoksyplast og difor vil epoksyplast med BPA kome seg uskada forbi UV-filter i rense- og drikkevannsanlegg. Det kan ta lang tid å bryte ned BPA i vatn, og især i sjøvatn med temeratur under 25 Celsius.[4] BPA blir noko raskare brote ned i jord.[20]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Kevin Thomas & Martin Schlabach. «Screening program 2013 New bisphenols, organic peroxides, fluorinated siloxanes, organic UV filters and selected PBT substances» (PDF) (på norsk). Norsk institutt for vannforskning (NIVA) and NILU - Norsk institutt for luftforskning. Henta 27.10.2021.
- ↑ 2,0 2,1 Halsband, Claudia; Sørensen, Lisbet; Booth, Andy M.; Herzke, Dorte (23. juli 2020). «Car Tire Crumb Rubber: Does Leaching Produce a Toxic Chemical Cocktail in Coastal Marine Systems?». Frontiers in Environmental Science 8: 125. ISSN 2296-665X. doi:10.3389/fenvs.2020.00125.
- ↑ Ye et al. 2015
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Ozhan, Koray; Kocaman, Emel (2019-02). «Temporal and Spatial Distributions of Bisphenol A in Marine and Freshwaters in Turkey». Archives of Environmental Contamination and Toxicology (på engelsk) 76 (2): 246–254. ISSN 0090-4341. doi:10.1007/s00244-018-00594-6.
- ↑ Vandenberg et al., 2007
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Giulivo, Monica; Lopez de Alda, Miren; Capri, Ettore; Barceló, Damià (2016-11). «Human exposure to endocrine disrupting compounds: Their role in reproductive systems, metabolic syndrome and breast cancer. A review». Environmental Research (på engelsk) 151: 251–264. doi:10.1016/j.envres.2016.07.011.
- ↑ «Tester : Forbrukerrådet», www.forbrukerradet.no, henta 6. oktober 2024
- ↑ Sadoul, Bastien; Birceanu, Oana; Aluru, Neel; Thomas, Jith K.; Vijayan, Mathilakath M. (2017-12). «Bisphenol A in eggs causes development-specific liver molecular reprogramming in two generations of rainbow trout». Scientific Reports (på engelsk) 7 (1): 14131. ISSN 2045-2322. PMC 5658357. PMID 29074850. doi:10.1038/s41598-017-13301-7.
- ↑ Viberg, Henrik; Fredriksson, Anders; Buratovic, Sonja; Eriksson, Per (2011-12). «Dose-dependent behavioral disturbances after a single neonatal Bisphenol A dose». Toxicology 290 (2-3): 187–194. ISSN 0300-483X. doi:10.1016/j.tox.2011.09.006.
- ↑ Asle Rønning. «Bisfenol A kan skade nyfødte hjerner» (på norsk). forskning.no. Henta 27.10.2021.
- ↑ 11,0 11,1 11,2 Mattsson, Karin; Johnson, Elyse V.; Malmendal, Anders; Linse, Sara; Hansson, Lars-Anders; Cedervall, Tommy (2017-12). «Brain damage and behavioural disorders in fish induced by plastic nanoparticles delivered through the food chain». Scientific Reports (på engelsk) 7 (1): 11452. ISSN 2045-2322. PMC 5597631. PMID 28904346. doi:10.1038/s41598-017-10813-0.
- ↑ 12,0 12,1 «Hard plastics decompose in oceans, releasing endocrine disruptor BPA» (på engelsk). ScienceDaily. Henta 27.10.2021.
- ↑ «Hard plastics decompose in oceans, releasing endocrine disruptor BPA», ScienceDaily (på engelsk), henta 26. oktober 2021
- ↑ Mattsson, Karin; Johnson, Elyse V.; Malmendal, Anders; Linse, Sara; Hansson, Lars-Anders; Cedervall, Tommy (2017-12). «Brain damage and behavioural disorders in fish induced by plastic nanoparticles delivered through the food chain». Scientific Reports (på engelsk) 7 (1): 11452. ISSN 2045-2322. PMC 5597631. PMID 28904346. doi:10.1038/s41598-017-10813-0.
- ↑ Law, Hamish; Koutsos, Vasileios (2020-10). «Leading edge erosion of wind turbines: Effect of solid airborne particles and rain on operational wind farms». Wind Energy (på engelsk) 23 (10): 1955–1965. ISSN 1095-4244. doi:10.1002/we.2540.
- ↑ «EPOXY RESINS IN AUTOMOTIVE ASSESSMENT OF POTENTIAL BPA EMISSIONS» (PDF). Epoxy Resin Committee. juli 2015.
- ↑ «THE SOCIO-ECONOMIC VALUE OF EPOXY RESINS - MAIN FINDINGS» (PDF). Epoxy Resin Committee. august 2017.
- ↑ Emelie Aurell; Kerstin Bly Joyce; Tomas Chicote; Sanna Due; Petter Larsson Garcia; Britta Hedlund; Jenny Hedman; Linda Linderholm; Larsolov Olsson; Anna Maria Sundin; Metta Wiese; Cecilia Ångström; Elisabeth Österwall. «Mikroplaster Redovisning av regeringsuppdrag om källor till mikroplaster och förslag på åtgärder för minskade utsläpp i Sverige» (PDF) (på svensk). Naturvårdsverket. Henta 27.10.2021. Elisabeth Öhman (bitr. projektledare) Kerstin Åstrand (projektledare). Från Havs- och vattenmyndigheten har Johanna Eriksson och Frida Åberg deltagit i arbetsgruppen.
- ↑ Fdez-Sevilla, Diego (2014). «Could plastic debris, coarse, fine and molecules (polymers), affect ocean’s function as climate regulator, CO2 sink, albedo, evaporation…? (by Diego Fdez-Sevilla)» (på engelsk). doi:10.13140/RG.2.1.1469.6407.
- ↑ Choi, Youn Jeong; Lee, Linda S. (5. desember 2017). «Aerobic Soil Biodegradation of Bisphenol (BPA) Alternatives Bisphenol S and Bisphenol AF Compared to BPA». Environmental Science & Technology (på engelsk) 51 (23): 13698–13704. ISSN 0013-936X. doi:10.1021/acs.est.7b03889.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |