Opna hovudmenyen

Koordinatar: 60°25′28.574″N 5°17′53.905″E

Biskopshavn kyrkje
kyrkje
Biskopshavn kirke.JPG
Foto: Svein Harkestad
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Åsane prosti
Sokn Biskopshavn sokn
Fellesråd Bergen
Stad Bergen
Type Langkyrkje/Naustkyrkje
Arkitekt Jakob Myklebust,
Bjørn Simonnæs og
Helge Borgen[1]
Material Betong, tegl og tre
Innvigd 4. desember 1966[2]
Stopul Vest for kyrkja
Klokker Frå Olsen Nauen Klokkestøperi
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Preikestol I tre
Døypefont I tre
Orgel Pipeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk
Sitjeplassar 600
Wikimedia Commons: Biskopshavn kirke

Biskopshavn kyrkje er ei langkyrkje frå 1966 i Bergen kommune, Hordaland fylke. Ho er soknekyrkje for Biskopshavn menighet i Åsane prosti, Bjørgvin bispedømme.[1] Kyrkja er bygd som eit naust av betong, tegl og tre. Arkitektar var Jakob Myklebust, Bjørn Simonnæs og Helge Borgen.

Ho har eit frittståande klokketårn vest for kyrkja. Tårnet har to kyrkjeklokker frå Olsen Nauen Klokkestøperi. Den vesle har inskripsjonen "Seilskip+anker+Oss til frelse" og den store "Fredsdue+P+Gud til ære".[3]

Inventaret er enkelt og i tre. Kyrkja har pipeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk.[1] Det er frå 1966 og har 2 manualar og pedal. I 1990 vart orgelet restaurert og bygd om til 20 stemmer av Brødrene Torkildsen Orgelbyggeri.[3]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Biskopshavn kirke frå Bergen byleksikon
  2. Biskopshavn kirke frå Norges Kirker/ NIKU og KA
  3. 3,0 3,1 Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, Vanebo forlag 1993, side 394, ISBN 82-75-27022-7

BakgrunnsstoffEndra