Bitha
Bitha (hebraisk skrift בִּטְחָה, tyder Ro) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev nær Ofakim og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2006 hadde han 675 innbyggjarar.
Bitha | |||
landsby | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Merhavim | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 1950 | ||
- Grunnlagd av | jemenittiske jødar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Bitha | |||
Wikimedia Commons: Bitcha | |||
Moshaven vart grunnlagd i 1950 som ein ma'abara kalla Hakam Ha-107 (tyder Den 107. kilometeren) etter kilometermerka langs Beersheba-Gaza-vegen, som synte at det var 107 kilometer til Jerusalem. Han vart sidan omgjort til ein moshav av immigrantar frå Jemen og namngjeven Bitha frå Jesaja 30:15;
For så seier Herren Gud, Israels Heilage: «Vender de om og held dykk i ro, skal de bli frelste. I stille og tillit skal dykkar styrke vera.» Men de ville ikkje.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Bitha» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: