Bjästa
Koordinatar: Bjästa er ein tettstad i Örnsköldsviks kommun i Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i Sverige som òg huser Nätra sockens kyrkje, Nätra kyrka. Tettstaden er det største i soknet, og ligg i ein dal rundt Nätraån og innsjøen Svedjefjärden (4 moh). Bjästa ligg ved europaveg 4, cirka tolv kilometer sørvest for Örnsköldsvik.

Tettstaden har noko småindustri, men dei fleste innbyggjarane pendlar til andre tettstader. Tidlegare arbeidde mange herfrå i den store skogsindustrien i nabotettstaden Köpmanholmen. I Bjästa ligg mellom anna òg ein skule, Bjästaskolan, og ein sjukeheim for eldre. På vestsida av europaveg 4 ligg Vårdhemsberget (196 moh), med eit skianlegg med tre heisar og fleire bakkar av varierande vanskegrad. Bjästa har sitt eige ishockeylag, KB 65.
Etymologi endre
Frå 1535 finst skrivemåten Bijelsstadz og frå 1542 Biedsta. Desse namna skal kome frå det eldre byastadher som tyder «gardsplass», «stad der ein gard har blitt anlagt».
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Bjästa» frå Wikipedia på bokmål, den 30. juni 2012.