Bjørg Andersen, fødd Nilsen, (fødd 15. juni 1942) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Borge i Østfold. Ho var nordisk meister i handball 1967 og 1970. Fotballspelaren Jørn Andersen er son hennar.

Bjørg Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. juni 1942 (81 år)
Idrett handball

Bjørg Andersen var ein støttespelarane på Noregs landslag i over 10 år. Frå landslagsdebuten i 1960 til 1977 spelte ho 143 landskampar og skåra 216 mål. Både i 1967 og 1970 var ho sentral då Noreg vann den nordiske meisterskapen. Under meisterskapen på heimebane i Østfold skåra ho 12 av dei 56 norsk måla, einast Karen Fladset av dei norske fann vegen til nettmaskane oftare enn Andersen. Andersen deltok i Handball-VM 1971, 1973, 1975 og 1977. «Hun er en sterk linjespiller og lar seg nødig stoppe når hun er i angrep, selv om hun møter aldri så tøffe motstandere». Ho deltok i tre verdsmeisterskap i handball; 1971, 1973 og 1975.

Andersen spelte i årevis på Skjeberg IF, eit lag ho vart norsk utandørsmeister med i 1964, 1966 og 1968, samt norsk innandørsmeister 1969.

Kjelder endre