Nordisk meisterskap i handball 1970

Nordiske handballmeisterskap

Nordisk meisterskap i handball 1970 for kvinner fann stad i Moss i Østfold dagane frå 6. til 8. november 1970. Noregs lag vann meisterskapen etter å ha vunne alle sin fire kampar og sanka 8 poeng.

Turneringa var avvikla med seriespel mellom alle dei fire deltakarlanda; Noreg, Danmark, Finland, Island og Sverige. Noreg slo Sverige med 13-3 om fredagen og heldt fram med å vinne 22-2 over Finland og 15-4 over Island om laurdagen. Sundag var det klart for avgjerande kamp mellom Noreg og Danmark, til dess sto begge landa med full poengpott. Framfor 1100 tilskodarar i Mossehallen var Noreg det dominerande laget til stillinga var 8-2, sidan knappa det danske laget ned på leiinga og sluttresultatet vart 8-7. Sverige vart med 4 poeng nummer tre i meisterskapen, Island tok 2 poeng og Finland reiste heim poenglause.

Noregs lag bestod av målvaktene Eldbjørg Willassen, Tone Kluge og Siri Øverseth, rykkromspelararne Karen Fladset, Astrid Skei, Lille Børresen, Sigrid Halvorsen, Sissel Brenne og Grethe Tønnesen, linjespelar Bjørg Andersen og kantspelarane Berit Moen, Svanhild Berg og Astrid Knutsen. Fladset vart norsk toppskårar i turneringa med sine 24 nettkjenningar, Andersen fann nettet 12 gongar, medan 6 og 5 mål kom frå høvesvis Brenne og Børresen.