Bjørg Simonsen
norsk politikar
Bjørg Simonsen (fødd 17. april 1937) er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.
Bjørg Simonsen | |||
Fødd | 17. april 1937 (87 år) Mo i Rana | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar av Rana 1976-1985 | ||
Føregangar | Alf Andreas Øverli | ||
Etterfylgjar | Ole Ingar Lindseth | ||
Alle verv |
|
Simonsen var medlem av formannskapet i Rana kommune 1968-1975, ordførar i Rana kommune (1976-1985) og statssekretær i Samferdsledepartementet i perioden 1988-1989.
Frå 1989 til 2004 var ho avdelingsdirektør i Nasjonalbiblioteket. Mellom 1995 og 2005 var ho medlem av Bedriftsforsamlinga i Telenor.
Frå januar 2004 var Simonsen styreleiar for Nordland Teater.
Etter 22 års fråvær gjorde ho comeback i lokalpolitikken då ho stilte på arbeidarpartilista til kommunestyrevalet i 2007.
Bibliografi
endre- Simonsen, Bjørg (red.): Langt mot nord - midt i verden. Mo i Rana, 1999, Nasjonalbiblioteket, ISBN 82-7965-017-2