Nordland Teater

norsk regionalt teater

Nordland Teater er eit norsk regionalt teater stifta i 1979. Det er basert i Mo i Rana og har ansvar for turnéverksemd i kommunane i Nordland. Teateret forvaltar «Vinterlysfestivalen» i februar, har ei eiga ungdomsgruppe «NT Ung» med framsyningar for barn og unge, og dessutan samarbeid med «Musikk i Nordland» for fleirmediale framføringar.

Nordland Teater

Org.formAksjeselskap
Org.nr.930743437
Skipa1977
LandNoreg

Frå byrjinga heldt Nordland Teater til i Kinoteateret i Mo i Rana, men eit vilkår for at teateret blei lagt til Mo var at teateret skulle få eige bygg. Den 15. oktober 2005 opna eit nytt teaterhus med tre scenar:

  • Hovudscenen, 222 plassar
  • Blackbox, 120 plassar
  • Teaterkafeen, 120 plassar og kafé

Teateret set opp 6–8 framsyningar årleg, med rundt 35 000 tilskodarar tilsaman på dei drygt 250 framsyningane i dei 44 kommunane i Nordland. Teateret tilbyr òg tekniske tenester til andre kulturelle institusjonar og organisasjonar i Nordland.

Teateret sysselset drygt 26 årsverk, derav drygt 10 kunstnariske. Birgitte Strid er teatersjef, Are Nakling er teaterdirektør og Magne Pettersen er styreleiar.

Galleri

endre

Teatersjefar

endre
  • Birgitte Strid 2013–
  • Reidar Sørensen 2008–2012
  • Thor-Inge Gullvåg 2000–2007
  • Frode Rasmussen 1997–2000
  • Thom Bastholm 1992–1996
  • Torbjørn Gabrielsen 1992
  • Bjørn Skjefstad 1991
  • Wolfgang Kolneder 1988–1991
  • Geir Næss, Stig Bang og Bodvar Moe som leiartroika 1987
  • Allmøtestyrt 1979–1986

Oppsetjingar (utval etter 2000)

endre
Tittel Premiere Kommentar
Jeppe på Bjerget, av Ludvig Holberg 23. februar 2000
Vårherres Klinkekule 20. oktober 2000 Førestilling basert på tekster av Erik Bye
Momo – eller kampen om tiden 28. februar 2001 Basert på Michael Ende sin roman med same namn
Existens-Jielie 28. august 2001 Danseførestilling om rasisme, i samproduksjon med Åarjelhsaemien Teatere
Rocky 9. oktober 2001 Basert på Martin Kellerman sin teikneserie
Tigern, av Dario Fo 2002 Opphavleg premiere 1999
Kongesønnen og Husmanssønnen 7. oktober 2002 Førestilling basert på eit nordnorsk folkeeventyr
Brødrene Løvehjerte, av Astrid Lindgren 19. februar 2003
Pernille og Pappa 24. juni 2003 Vist under Festspillene i Nord-Norge
Fødselsdagsselskapet, av Harold Pinter 1. oktober 2003
Dracula, av Bram Stoker 5. november 2004
Fyrtøyet, av H.C. Andersen 6. desember 2004
Peder Seier, av Ole Rølvåg 8. februar 2006
Eva, Hitlers elskede, av Stefan Kolditz 29. mars 2006
EKSIL, av August Strindberg 29. juni 2006 Førestilling om August Strindberg sitt ekteskap, med hans eige verk Frøken Julie som bakteppe
Hangover 12. mars 2007 Førestilling om bakrus, av Kristian Winther, Mads Petterson og João Pamplona
Fri Glipper 15. oktober 2009 Samproduksjon med MiNensemblet
Pinter møter Beckett, av Samuel Beckett 8. desember 2010
Winthergames 13. februar 2011
Affæren 30. mars 2011 Urpremiere i Grønsvik Fort i Lurøy
Prosjekt X 7. april 2011
Påklereden, av Ronald Harwood 6. september 2011
Timene med Rita, av Willy Russel 29. september 2011
Blix 4. november 2011 Samproduksjon med MiNensemblet
Vett og Uvett 30. november 2011 Dramatisert av Einar K. Aas og Peter W. Zappfe
Dødsforelska 14. januar 2012 Jostein Kirkeby-Garstad, Kim Sørensen, Atle Halstensen
Hedda, av Henrik Ibsen 24. april 2012
Hurra! 17. mai 2012
Jungelboken, av Trond Lie 4. oktober 2012 Basert på The Jungle Book av Rudyard Kipling
Lille Karin Boye, av Agneta E. Jarleman 27. mars 2012 Musikkførestilling om Karin Boye
Svarta Bjørn 16. mars 2013 Førestilling om Svarta Bjørn
A Clockwork Orange, av Anthony Burgess 5. september 2013
En sporvogn til begjær, av Tennessee Williams 26. september 2013
Den gamle mannen og havet, av Ernest Hemingway 9. oktober 2013
Et perfekt liv, av Edward Anthony 7. november 2013
Siw Anitas Glade Jul, av Sven Henriksen 21. november 2013
En midsommernatts drøm, av William Shakespeare 16. januar 2014
Så rart, av Inger Hagerup 26. april 2014
Blodig alvor, av Yasmina Reza 11. september 2014
Stormen, av William Shakespeare 8. november 2014
Døden og piken, av Ariel Dorfman 16. januar 2015
Når du kommer dit, av Kari Bremnes 22. januar 2015 Eit samarbeid med Hålogaland Teater
Frankenstein, av Nick Dear 12. mars 2015 Basert på Mary Shelley sin romanklassikar
Vannposten, av Ota Shogo 24. september 2015
Ruffen, av Torunn Tusj 10. oktober 2015 Basert på boka Ruffen og Drageslottet av Tor Åge Bringsværd og Thore Hansen
Cabarét, av Joe Masteroff, John Kander og Fred Ebb 20. september 2016 Publikumsvald musikal
Jonas, av Jens Bjørneboe 22. januar 2016
Kant, av Agneta Elers-Jarleman 10. mars 2016 Basert på Jon Fosse sin roman med same namn
Kunsten å vekke døde fluer til live 25. mai 2016
Virginias Julebrev, av Kjersti Haugen og Mads Bones 26. november 2016 Av Nordland Teaters ungdomsgruppe "NT Ung"
Shakespeare og ondskapen 29. november 2016 Av Birgitte Strid og Rune Storsæther Løding, basert på tekstar av William Shakespeare
1930: Diktatoren, av Yngve Sundvor 25. april 2016 Eit samarbeid med StatsTeatret og Rogaland Teater
Rekyl, av Franzisca Årflot 27. september 2016 Eit samarbeid med Teater Innlandet og Franzisca Årflot Produksjoner
Jeg forsvinner, av Arne Lygre 22. januar 2017
Det eventyrlige Dissosia, av Anthony Neilson 25. mars 2017
Den lille prinsen, av Antoine de Saint-Exupéry 1. mai 2017
Tre søstre, av Anton Tsjekhov 7. oktober 2017
Askepott, av Kristin Jørgensen og Kristin Sørensen 2. desember 2017 Av Nordland Teaters ungdomsgruppe "NT Ung"
Petter, av Alf Knutsen og Knut Størdal 9. september 2018 Eit kyrkjespel om Petter Dass
Uår av Terje Vigen, av Henrik Ibsen 14. desember 2018 Eit samarbeid med Trøndelag Teater og Lisa Lie PONR
Monsterunga, av Marius Leknes Snekkevåg 10. oktober 2018
Lille Eyolf, av Henrik Ibsen 15. mars 2018
Mio, min Mio, av Astrid Lindgren 16. november 2018 Eit samarbeid med Teateret Vårt
Fuglane, av Tarjei Vesaas 9. februar 2019
SONA/ZONA 29. mai 2019
Kollektivt Selvmord, av Arto Paasilinna 30. mars 2019
Narvik, av Lizzy Nunnery 3. oktober 2019
Romeo og Julie, av William Shakespeare 28. november 2019 Av Nordland Teaters ungdomsgruppe "NT Ung", i regi av Rolf Alme
Ei hand å holde i, av Stig Bang 11. januar 2020 Jubileumsførestilling, Nordland Teater 40 år, 1980–2020. Songar av Trygve Hoff
I will be everything, av barn i Europa 13. februar 2020 Eit kreativt Europa-prosjekt
Solaris, av Stanisław Lem 14. mars 2020 Avlyst grunna koronapandemien
Kolstads siste – et liv på scena 3. juni 2020
Giedtine – hvem eier vinden? 25. september 2020 Eit samarbeid med Åarjelhsaemien Teatere og Bodø 2024
Moby Dick, av Herman Melville 9. oktober 2020 Eit samarbeid med Plexus Polaire og Figurteatret i Nordland
Så som i himmelen, av Kay Pollak 13. februar 2021
Farlige forbindelser, av Christopher Hampton 19. februar 2021
VIRUS VÅR 1. mai 2021 Av Nordland Teaters ungdomsgruppe "NT Ung"
Mulegutten, av Niels Peter Underland 21. oktober 2021 Basert på boka av Øyvind Torseter med same namn
Blackbird, av David Harrower 29. november 2021 Avlyst grunna koronapandemien
Som før og etter, av Fredrik Brattberg 28. januar 2022 Eit samarbeid med Vega Scene og Hålogaland Teater
Ronja Røverdatter, av Astrid Lindgren 31. mars 2022

Samarbeid

endre
  • Peter og Ulven av Sergej Prokofjev i samarbeid med Musikk i Nordland under Vinterfestuka i Narvik 2004
  • Svidd neger, norsk spelefilm der teateret var kraftig involvert både med teknikarar og skodespelarar (premiere 11. april 2003)

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre