Bjørn Borgen

norsk fotballspelar

Bjørn Borgen (22. september 193718. november 2015)[1] var ein norsk fotballspelar frå Fredrikstad som vann tre seriegull og tre cupgull med Fredrikstad Fotballklubb i tida 1957-66. Han er blitt omtalt som «en stor fotballspiller»[1] og «en typisk wingløper – han er hurtig, dribler og finter godt og har evnen til å gli inn i lukene».[2]

Bjørn Borgen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1937
Fredrikstad
Død

18. november 2015 (78 år)
Fredrikstad

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Borgen spelte 163 eliteseriekampar for Fredrikstad FK og skåra totalt 48 mål frå han debuterte i 1956 til han la opp i 1968. Han spelte i FFK i nesten alle år, i 1959 var han Lyn-spelar. Borgen vart seriemeister i FFK i 1957, 1960 og 1961 og cupmeister i 1957, 1961 og 1966.

Borgen og klubbkameraten Per Kristoffersen debuterte begge då Noreg overraska og vann 2-1 over Ungarn i juni 1957. I åra fram til 1961 var han jamnt med i startellevaren. Ein av sine beste kampar spelte han på dåverande Lenin stadion i Moskva 1. juli 1961, der han skårar Noregs eine mål i eit oppgjer som enda 5-2 til europameister Sovjetunionen. Seinare vart det færre landskampar på Borgen, som i alt hadde spelt 35 kampar og skåra 6 landslagsmål då landslagstida var over i 1966.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1957, 1960 og 1961 med Fredrikstad
  • Noregsmeister: 1957, 1961 og 1966 med Fredrikstad

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Vidar Henriksen (18. november 2015), «FFK-legenden Bjørn Borgen er død», Fredrikstad Blad 
  2. Magnus Breili:'Fotballboken.1967