Bjørn Farmann (Haraldsson) (død om lag 927) var konge i Tunsberg (Tønsberg) og bror av kong Eirik Blodøks (Haraldsson). Han var son av kong Harald Hårfagre (Halvdansson) og Svanhild Øysteinsdotter. Bjørn hadde hovudbølet sitt på kongsgarden Sem i Vestfold. I soga om Harald Hårfagre i Heimskringla fortel Snorre Sturlason at kong Bjørn hadde kjøpskip i fart på andre land. Bjørn var ein klok og omtenkt mann, og såg ut til å bli ein god hovding.

Bjørn Farmann
Fødd895
Noreg
Død927
Noreg
Hus eller slektHårfagreætta
GravstadTønsberg
MorSvanhild Øysteinsdotter
FarHarald I av Noreg
BarnGudrød Bjørnsson

Eirik Blodøks tok livet av Bjørn Farmann. Grunnen skal ha vore at Bjørn ikkje ville gje han dei skattane kong Harald hadde rett på i Vestfold. Kong Bjørn skal vera gravlagd i Farmannshaugen på Sem. Gjennom sonen Gudrød vart Bjørn Farmann stamfar til kong Olav II den heilage.

Farmann var ordet for «handelsmann» eller «reisande/sjøfarande handelsmann» i norrøn tid. På Island er ordet «farman» framleis levande og i Sverige finst ordet «farmandsbønder» i bruk om bønder som også er handelsmenn. Ordet «Farmann» i namnet Bjørn Farmann er såleis ikkje eit eigenamn, men tydde Kong Bjørn «handelsmannen» (farmann) frå Tunsberg.

Seinare bruk av namnet endre

Før språkreforma av i bokmål av 1959 vart «Farmann» ofte stava på dansk måte som «Farmand».

Bjørn Farmann har gjeve namn til forretningsbladet Farmand, som vart gjeve ut frå 1891 til 1989 og som i 2004 blei relansert med moderne den moderne stavinga Farmann samt rutebilselskapet Farmand (som seinare vart kjøpt opp av Norgesbuss).