Bjørn Thomas Åhrén

norsk politikar

Bjørn Thomas Åhrén (fødd 4. februar 1966) er ein samisk politikar som sat på Sametinget for Norske Samers Riksforbund frå 2013 til 2021. Han vart vald frå Sørsamisk valkrins og var medlem i både plenumsleiinga, og oppvekst-, omsorg- og utdanningskomitéen. Frå 2013 til 2016 var han medlem av Sametingsrådet, og trødde difor ut or plenum. I den perioden møtte Nora Marie Bransfjell på Sametinget for han.

Bjørn Thomas Åhrén

Fødd4. februar 1966
Strömsunds kommun
Statsborgar avNoreg
PartiNorske Samers Riksforbund
Yrkepolitikar, ingeniør
Alle verv
  • sametingsrepresentant (2013–2017)
  • sametingsrepresentant (2017–2021) Sjå dette på Wikidata

Åhren er oppvaksen i Sverige, men bur og jobbar i dag i Namdalseid kommune, der han er teknisk rådgjevar. Han har ein PhD i ingeniørfag frå Luleå tekniske universitet.

Bakgrunnsstoff endre