Strömsunds kommun
Strömsunds kommun er ein kommune i Jämtlands län i Sverige. Kommunen grensar innanfor lenet til Ragunda kommun og Östersunds kommun i sør, og Krokoms kommun i vest, og utanfor til Dorotea kommun i Västerbottens län i nord og Sollefteå kommun i Västernorrlands län i søraust. Han grensar også til Røyrvik kommune og Lierne kommune i Noreg, begge i Nord-Trøndelag fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er Strömsund.
Strömsunds kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Jämtlands län | ||
Landskap | Jämtland, Ångermanland | ||
Del av | Jämtland, Ångermanland, Lappland i Sverige, Q61666685, Q61666672 | ||
Centralort | Strömsund | ||
Areal | 11 857 km² | ||
• land | 10 567 km² | ||
• vatn | 1 290 km² | ||
Folketal | 12 532 | ||
Folketettleik | 1 / km² | ||
Strömsunds kommun 63°51′00″N 15°35′00″E / 63.85°N 15.583333333333°E | |||
Kart som viser Strömsunds kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Strömsund Municipality | |||
Nettstad: www.stromsund.se |
Kommunen har sidan 1960-åra hatt ein jamn tilbakegang i folketalet. Når det gjeld terrenget i kommunen, finn ein høgfjell i nordvest og eit gradvis lågare terreng mot søraust. Kommunen har store skogar og mange elvar og vatn. Av næringsvegar er det noko industri, og kommunen er eit handelssentrum for den nordlege delen av Jämtland. Tettstaden Gäddede har ein del grensehandel frå norsk side. I tillegg finn ein skogbruk og treindustri, og metall- og næringsmiddelindustri i Strömsunds kommun.
Administrativ historikk
endreOmrådet omfattar av sju sokn som i 1863 også vart til landskommunar. I 1893 kom Gåxsjö landskommun til då han braut ut av Hammerdals landskommun. Desse vart samanslegne igjen ved kommunereforma i 1952, samtidig som Bodums landskommun vart slegen saman med Fjällsjö landskommun (som då låg i Västernorrlands län) og Alanäs landskommun med Ströms landskommun. Frostvikens landskommun og Tåsjö landskommun vart ikkje påverka den gongen, for det var ikkje før i 1967 at Tåsjö vart innlemma i Fjällsjö.
I 1974 vart Strömsunds kommun oppretta gjennom samanslåing av kommunane Ström, Frostviken, Hammerdal og Fjällsjö, som i 1971 hadde vorte overførte frå Västernorrlands län til Jämtlands län. Den nye kommunen fekk namnet sitt etter administrasjonssenteret Strömsund. Strömsund var municipalsamhälle i åra 1901–1962, medan Hammerdals municipalsamhälle eksisterte i åra 1941–1965.
Den nye kommunen hadde ved opprettinga drygt 17 600 innbyggjarar, og såleis har folketalet minka med over 5 000 personar sidan midten av 1970-talet. Strömsunds kommun er ein utprega glesbygdkommune, der om lag 60 prosent av folkesetnaden bur i tettstader og 28 prosent i administrasjonssenteret.
Kommunevåpenet
endreBlasonering: «På eit delt skjold med den øvre delen i raudt, er plassert Strömsundsbron i svart silhuett. På den nedre delen, som er i sølv, blå straumar som førestiller vatn i Ströms Vattudal».[1]
Våpenet vart til gjennom ein konkurranse som vart utlyst i 1973. Våpenet er i strid med fleire heraldiske reglar og vart ikkje godkjent av statsheraldikaren, men utsegna hans er berre rådgjevande, så kommunen registrerte det likevel hjå Patent- och registreringsverket i 1974. Alle dei tidlegare kommunane som vart innlemma i den nye, hadde eigne våpen, men ein valde altså å bruke eit heilt nytt våpen i staden for eit av dei gamle.
Tettstader
endreDet er sju tettstader i Strömsunds kommun.
Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.
Nr. | Tettstad | Folketal |
---|---|---|
1. | Strömsund | 3 516 |
2. | Hammerdal | 996 |
3. | Hoting | 749 |
4. | Backe | 625 |
5. | Gäddede | 456 |
5. | Rossön | 400 |
7. | Näsviken | 221 |
Kjelder
endre- «Strömsunds kommun» på Wikipedia på svensk, innhenta 26. april 2010.
- «Strömsund – kommune» hjå Store norske leksikon, innhenta 26. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
Referansar
endre- ↑ «På en delad sköld med den övre delen i rött har placerats STRÖMSUNDSBRON i svart siluett. På sköldens undre del mot silverbotten blå vågor föreställande vatten i STRÖMS VATTUDAL».