Bjørn Unneberg

Bjørn Unneberg (23. februar 19285. januar 2020) var ein norsk jurist og politikar frå Stokke i Vestfold. Han representerte Akershus fylke og SenterpartietStortinget i tida 1969–77.

Bjørn Unneberg
Fødd 23. februar 1928
Stokke
Død

5. januar 2020 (91 år)

Yrke politikar, dommar

Unneberg var son til ein skulemann. Sjølv utdanna han seg til cand.jur. i 1949. Etter vel eitt år som universitetsstipendiat i slavisk språk og kultur, med base i Praha, jobba han 1951-53 som protokollførar for lagmannsretten i Eidsivating. Sidan var han i to år advokatfullmektig i Oslo, og deretter 1955-63 juridisk konsulent i Widerøes Flyveselskap A/S. Jamsides var han frå 1957 brukar av garden Brudalen i Ullensaker, ein gard han dreiv til 2001. Frå 1963 til -69 var han kontorsjef i Anderson & Skjånes A/S.

Unneberg engasjerte seg i politikken for Senterpartiet. Hausten 1963 var han såleis statssekretær i Samferdsledepartementet i den kortliva Lyng-regjeringa. Han hadde elles plass i Ullensaker formannskap i samfulle tolv år, 1960-71, til dess han hausten 1969 vart vald til stortingsrepresentant frå Akershus fylke. På Stortinget var han medlem i Kommunal- (og miljøvernkomiteen) dei fire fyrste sesjonane, 1969-73. Etter å ha vorte attvald var han 1973-77 formann i Justiskomiteen. Allereie frå 1960-åra arbeidde Unneberg for ei fornying av Senterpartiet, klårast kjem det fram i boka Grønn sosialisme for utkantproletarer. Boka kom ut i 1971 og fremja ein meir populistisk politikk, eit samfunnssyn som vekte interesse under den folkelege striden mot norsk EEC/EF-medlemskap. Som redaktør av 'Senterbevegelsen' sitt idétidsskrift Senit i tiårsperioden 1968-78, og formann i Senterpartiet sitt kommunalutval 1969-77, nådde han vide med bodskapen sin.

Unneberg tok ikkje attval i 1977. Derimot var han medlem i sentralstyret i Senterpartiet i to år til 1979. Frå 1977 til 1997 var han sorenskrivarEidsvoll. Under den tida skreiv han biografien «Per Borten: Bonde og statsmann», som kom ut på Cappelens Forlag i 1988.

KjelderEndra