Bjørnhollia
Bjørnhollia er ei turisthytte i Sel kommune i Innlandet. Hytta ligg 914 moh. i den austlege delen av Rondane, vest for Atnasjøen.
Bjørnhollia var opphavleg ei seter og vart teken over av Den Norske Turistforening (DNT) i 1941. Den tømra turisthytta vart oppført i 1948, ombygd og utvida i åra 1981–1984.
KjelderEndra
- «Bjørnhollia» i Store norske leksikon, snl.no.
BakgrunnsstoffEndra
- Offisiell nettstad Arkivert 2014-02-02 ved Wayback Machine.
- UT.no om Bjørnhollia