Bjarkøy kommune
Bjarkøy er ein tidlegare øykommune i Troms fylke. Området er frå 1. januar 2013 del av Harstad kommune.[1]
Bjarkøy var før samanslåinga med Harstad den minste kommunen i Troms, i både areal og folketal.
HistorieEndra
Kommunen heitte «Sand» fram til 1886, då namnet vart endra til «Bjarkø», og seinare «Bjarkøy».[2] I 1964 vart den delen av den gamle kommunen som låg på Senja og Lemmingvær overført til Tranøy kommune. Desse områda hadde litt over ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen, og det som var att av kommunen hadde då 1261 innbyggjarar.[3] Bjarkøy var frå då av den minste kommunen i Troms etter folketal. Folketalet gjekk bratt nedover dei siste tiåra. I 2010 var folketalet 482, berre 38 % av det det var i 1964.[3]
BakgrunnsstoffEndra
FotnotarEndra
- ↑ http://www.regjeringen.no/nb/dep/krd/pressesenter/pressemeldinger/2011/harstad-og-bjarkoy-slar-seg-saman.html?id=649913
- ↑ Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
- ↑ 3,0 3,1 Folkemengd i Bjarkøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå