Bjarne Herrefoss
Bjarne Herrefoss (15. februar 1931–15. mai 2002) var ein kjend norsk hardingfelespelmann. Han var fødd på Seljordshei, men flytte seinare via Bø til Tokke. Han vann ei rekke kappleikar mellom anna landskappleiken fire gonger i 1967, 1975, 1979 og 1991. Saman med Hallvard T. Bjørgum og Knut Hamre vann han spellemannsprisen i klasse folkemusikk for plata toneflaum i 1998. Han var æresemedlem av landslaget for spellemenn frå 2000.
Bjarne Herrefoss | |||
Fødd | 15. februar 1931 | ||
---|---|---|---|
Død | 15. mai 2002 (71 år) | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | musikar | ||
Prisar | Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans |