Hallvard T. Bjørgum

Hallvard Torleivsson Bjørgum (fødd 16. februar 1956) er ein norsk folkemusikar og sølvsmed frå Valle i Setesdal. Han er rekna som ein av Noregs beste hardingfelespelarar.[1]

Hallvard T. Bjørgum

Fødd16. februar 1956 (68 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar
FarTorleiv Bjørgum
PrisarAust-Agder fylkeskulturpris, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans, Spellemannprisen i folkemusikk/gammeldans

Bjørgum har vunne Landskappleiken i 1982 og 1988 og Spellemannprisen i kategorien for folkemusikk tre gonger. Han har medverka på fleire andre plater som har vunne Spellemannprisen. Han er statsstipendiat frå 1991.

Bjørgum vart i 2014 utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for sin enestående betydning for folkemusikk.»[2]

Prisar endre

Diskografi endre

Hallvard T. Bjørgum har gitt ut fleire plater med tradisjonsmusikk. Saman med Kirsten Bråten Berg har han òg arbeidd med å fornya folkemusikken.

  • Klunkaren (1985), med Torleiv H. Bjørgum
  • Dolkaren (1987), med Torleiv H. Bjørgum
  • Skjoldmøyslaget – Faremoslåttar frå Setesdal (1990), med Torleiv H. Bjørgum
  • Juletid (1991), med Kirsten Bråten Berg & Eilert Hægeland
  • Toneflaum (1998), med Bjarne Herrefoss & Knut Hamre
  • Runarstreng (1999), med Kirsten Bråten Berg
  • Free Field (2003)
  • Peace Will Come (2009)
  • Førnesbrunen – Slåttar etter J. Tjønnstau (2011), med Hauk Buen
  • Sterke slag – Meisterspelemannen Olav Hegland – Slåttar og konsertstykke 125 år 1888–2013 (2013), med Gunnar Stubseid
  • Førnesbrunen Vol. 2 (2014), med Hauk Buen
  • Bjørgumspel Vol. II – Taddeivs minne 1 (2015), med Daniel Sandén-Warg
  • Dreng Ose (2019, Sylvartun Folkemusikk), med Gunnar Stubseid (4 CD-er + 2 DVD-er, dokumentasjon om spellemannen Dreng Ose)
Singlar

Slinkombas endre

  • Slinkombas (1979)
  • …og bas igjen (1982)
  • Slinkombas og bas igjen (2008)

Ferd endre

Album
  • Music Without Borders (2017)

Kjelder endre