Bjorli stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabaneni Lesja kommune. Stasjonen vart opna i 1921, og var endestasjon i tre år før Raumabanen var ferdig bygd til Åndalsnes.

Bjorli stasjon

Bjorli stasjon i 1922.
Stasjonsområde
Stad Bjorli i Lesja kommune
Koordinatar 62°15′30″N 8°12′05″EKoordinatar: 62°15′30″N 8°12′05″E
Distanse 399,84 km frå Oslo sentralstasjon
Høgd 574,7 moh.
Opna 21. november 1921
Arkitekt Gerhard Fischer og Gudmund Hoel
Linjer og rutedrift
Linje(r) Raumabanen
Operatør(ar) NSB
Overgang
Kart
Bjorli stasjon

På Bjorli stasjon vart det bygd ein stor jernbanerestaurant mellom 1925 og 1927 med plass til 700 gjester. Den var hovudsakleg meint for turistar som kom med turistskip til Åndalsnes, og som vart frakta vidare til Bjorli med tog gjennom Romsdalen. På restauranten fekk dei servert m.a. laks og jordbær, sjokoladekake og fyrstekake. Restauranten vart treft av ei bombe i april 1940 og brann ned. Den vart aldri bygd opp att.

Bjorli er den einaste stasjonen mellom Åndalsnes og Dombås som er fast bemanna. Om sommaren går det turisttog mellom Bjorli og Åndalsnes i tillegg til regiontoga og godstoga.

Bakgrunnsstoff endre

Førre stasjon     Jernbaneverket   Neste stasjon
Raumabanen
Regionaltrafikk
22Åndalsnes - Dombås - Lillehammer