Blåbærlyng, blåbærris eller blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som høyrer til lyngfamilien.[1] Han dannar frukta blåbær.

Blåbær
Blåbær
Blåbær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Vaccinioideae
Slekt: Bærlyngslekta Vaccinium
Seksjon: Myrtillus
Art: Blåbær V. myrtillus
Vitskapleg namn
Vaccinium myrtillus
Blåbærlyng med blomar.
Blåbærlyng med bær.

Skildring

endre

Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantete greiner som blir brunaktige og vedete etterkvart, med tynne, elliptiske, takkete, lysegrøne blad som blir felte om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse utviklar seg vidare til saftige bær som vanlegvis er mørkeblåe til svarte på farge eller kvitaktig blåe. Dei ulike fargane kjem av eit tynt vokslag. Fruktkjøtet er fiolett.

Utbreiing

endre

Blåbærlyng er ein vanleg plante i store delar av Europa, med unntak av området kring Middelhavet. Han veks nord på det europeisk fastlandet, på Dei britiske øyane og over Kaukasus inn i nordlege Asia. Planten finst også som introdusert art i vestlege delar av Canada og USA.[2] I Noreg veks det blåbærlyng i store mengder i låglandet, og særleg i fuktig, sur jord ved skog eller heier. Blåbæra finst opp til 1700 moh.

Kjelder

endre
  1. «blåbærlyng» i Nynorskordboka.
  2. «Vaccinium myrtillus - L.». Plants for a Future. Henta 27. april 2019.