Opna hovudmenyen
Nyplukka blåbær

Blåbær er små (gjerne 5 mm i diameter), blåsvarte bær som veks eitt og eitt på blåbærlyng. Bæra blir modne relativt tidleg på hausten. Dei er tradisjonelt ettertrakta til safting og sylting, og dei var ei viktig råvare i matauken i Skandinavia i tidlegare tider. Næringsverdien var lenge rekna som moderat, men nyare forsking har vist at bæra er svært rike på antioksidantar. Dei inneheld dessutan C-vitaminar, og i tillegg garvestoff, fruktsyrer, flavonar, karotin, jarn og magnesium.

I folkemedisinen er bæra kjente for å verke stoppande ved magesjuke, og de skulle òg ha effekt på diabetes. Sjølv om samanhengen enno er uklår, tyder nyare undersøkingar på at blåbær er svært gode for synet.

Namn på andre språkEndra

Merk at engelsk blueberry svarar til amerikanske blåbær, og at det engelske namnet for nordeuropeiske blåbær er bilberry. I Skottland blir likevel blaeberry bruka om blåbær.

  • Germanske språk: blåbær (bokmål, nynorsk, dansk), blåbär (svensk), blaeberry (skotsk), Blaubeere (tysk), blauwe bosbes (nederlandsk), bilberry (engelsk), Heidelbeere (tysk)
  • Romanske språk: arandeira (galego), mirtilo (portugisisk), Myrtille commune (fransk)
  • Uralske språk: mustikka (finsk) (av musta, «svart», som er eit lånord frå germansk), sarrit (fleirtal sarridat) (nordsamisk, ordet tilhøyrer det før-uralske skiktet av ord i samisk og har ikkje etymologi utanfor samisk[1])

FotnotarEndra

  1. For etymologien til sárrit, sjå Álgu.