Blåsehòl i geologi

Eit blåsehòl i geologien er ei havgrotte som strekkjer seg innover frå sjøen og så oppover i ei vertikal sjakt som endar i eit hòl på overflata. Dette kan føre til at vatn vert pressa inn grotteinngangen og oppover til toppen av grotta, om ho er forma på rette måten, slik at vatnet sprøytar ut som ein geysir.

Alofaaga
Blåsehola i Monks' Cave, ei grotte nær Aberystwyth

Eit blåsehòl er òg eit namn nytta om sjeldne geologiske strukturar der luft anten bles ut eller vert sogen inn i eit lite hòl ved overflata på grunn av trykkskilnader mellom det lukka underjordiske grottesystemet og overflata. Blåsehòla i Wupatki nasjonalmonument er eit døme på eit slikt fenomen.[1]

Kjelder endre